Rita Ora
Rita Sahatçiu Ora (fødd 26. november 1990) er ein kosovoalbansk-britisk songar, låtskriver og skodespelar. Ho blei fyrst kjend i februar 2012 då ho tok del på DJ Fresh-singelen «Hot Right Now», som kom på fyrsteplassen på den britiske hittlista. Debutalbumet hennar Ora kom ut i august 2012, og gjekk rett inn på fyrsteplassen på den britiske albumlista. Albumet omfatta singlane «R.I.P.» og «How We Do (Party)», som begge nådde fyrsteplassen på den britiske hittlista. Ora var artisten med flest singlar på fyrsteplassen på UK Singles Chart i 2012, med tre singlar som nådde fyrsteplassen.[1]
Rita Ora | |||
| |||
Fødd | 26. november 1990 (34 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Priština | ||
Fødenamn | Rita Sahatçiu | ||
Opphav | Storbritannia, Jugoslavia | ||
Aktiv | 2008– | ||
Sjanger | moderne R&B, urban contemporary | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Roc Nation, Columbia Records, Atlantic Records | ||
Verka som | songar, skodespelar, modell, filmskodespelar, låtskrivar, stemmeskodespelar, songtekstforfattar, songar-låtskrivar | ||
Mor | Vera Sahatçiu Ora | ||
Far | Besnik Sahatçiu | ||
Gift med | Taika Waititi | ||
Prisar | Bambi-prisen, Los Premios 40 Principales for Best International Video, MTV Video Music Award for Best Dance Video, QQ Music Awards |
Det andre albumet hennar, Phoenix, kom ut i november 2018. Den fyrste singelen frå det, «Your Song», nådde topp ti i Storbritannia, og dei påfølgkande singlane «Anywhere» og «Let You Love Me» nådde topp fem. «Let You Love Me» gjorde Ora til den fyrste britiske kvinnelege soloartisten til å ha tretten topp ti-songar i Storbritannia.[2]
Bakgrunn
endreOra blei fødd i Pristina i dåverande Jugoslavia (no i Kosovo).[3] Familien var albanarar, og forlét Kosovo og kom til England som flyktningar[4] då Ora var eitt år gammal.[5] Rita Ora voks opp i Notting Hill i Vest-London.[6] Ho var elev ved ein skule for utøvande kunst, Sylvia Young Theatre School.[7]
Musikalsk karriere
endreByrjing
endreOra opptredde ved open mic-tilstellingar rundtom i London og tidvis i puben som far hennar dreiv.[8] I 2008 deltok ho på audition for Eurovision: Your Country Needs You på BBC One, ei tevling for å utpeika den britiske artisten til Eurovision Song Contest 2009. Ho kvalifiserte seg, men trekte seg frå tevlinga etter nokre episodar fordi ho ikkje følte seg klar for nett denne utfordringa.[9][10]
Kort tid etter tok manageren til Ora kontakt med det amerikanske plateselskapet Roc Nation om henne. Ora skreiv ein innspelings- og utgjevingskontrakt med Roc Nation i desember 2008, og var ein av dei fyrste artistane som signerte med dei.[11][12][13] Ho hadde opptredenar i Jay Z sin video for «Young Forever» (2009) og Drake sin video for «Over» (2010).[14][15] Ora spelte inn eit album ho ville gje ut, men plateselskapet tala imot det og ho byrja å arbeida med nytt materiale til debutalbumet sitt.[8]
I heile 2011 gav Ora ut coversongar og videoar om arbeidet sitt med debutalbumet på YouTube.[16] DJ Fresh fekk auga opp for videoane medan han var på utkikk etter ein kvinneleg vokalist til songen «Hot Right Now».[17] Ora blei med på singelen, som kom ut 12. februar 2012 og gjekk rett inn på fyrsteplassen på UK Singles Chart.[18] I februar 2012 opna også Ora for Drake ved dei britiske konsertane hans i Club Paradise Tour.
Den fyrste singelen frå debutalbumet hennar, «R.I.P.» (med Tinie Tempah), kom ut i Storbritannia 6. mai 2012.[19] Songen var produsert av Chase & Status. Han gjekk rett inn på toppen av den britiske hittlista, og blei dermed den fyrste fyrsteplassen hennar som solist.[20] 12. august 2012 kom «How We Do (Party)» ut, og nådde fyrsteplassen både i Storbritannia og Irland. Dette var den andre britiske fyrsteplassen til Ora som soloartist, og den tredje totalt i 2012.[21]
Ho deltok på Coldplay sin Mylo Xyloto Tour. På denne tida annonserte ho tittelen til debutalbumet sitt, Ora.[22] Albumet kom ut 27. August 2012 i Europa og Oseania, og gjekk rett inn på toppen av UK Albums Chart.[1] Ora blei noominert til Best New Artist, Push Artist og Best UK/Ireland Act ved MTV Europe Music Awards 2012.[23] I september 2012 blei det kunngjort at Ora skulle opna for Usher under dei britiske konsertane av hans Euphoria Tour, som skulle byrja i januar 2013. Denne turneen blei seinare utsett til eit seinare tidspunkt av Usher.[24] Frå 23. til 30. oktober 2012 hadde Ora sin fyrste eigne konsertturne, Ora Tour, som var ein mini-turne i USA.
«Shine Ya Light» kom ut 4. november, og blei den fjerde singelen til Ora på hittlista på rad, med ei topplassering på tiandeplassen.[25][26] 28. november 2012 hadde Ora ein gjesteopptreden ved ein konsert arrangert i Tirana i Albania ved markeringa av hundreårsjubileet til sjølvstendet for Albania.[27] Ora la ut på sin fyrste turne i Storbritannia, Radioactive Tour, i januar 2013, i samband med utgjevinga av debutalbumet. Ho blei nominert til tre prisar ved Brit Awards 2013, mellom anna for British Breakthrough Act.[28]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Unstoppable: Rita Ora scores debut Official Number 1 album». officialcharts.com. 2. september 2012. Arkivert frå originalen 17. oktober 2014. Henta 15. august 2013.
- ↑ «Rita Ora enters Official UK Chart history books with the most Top 10 singles for a British female artist». Official Charts Company. 5. oktober 2018. Arkivert frå originalen 6. oktober 2018. Henta 5. oktober 2018.
- ↑ Jeffries, David. «Rita Ora - AllMusic». AllMusic. Henta 29. mai 2017. «Born in Pristina, Kosovo but raised in London, pop star Rita Ora»
- ↑ Longmire, Becca (10 May 2012). «Rita Ora Reveals Traumatic Refugee Past». entertainmentwise.com. Arkivert frå originalen 30. oktober 2015. Henta 17 October 2015.
- ↑ Taro Greenfeld, Karl. «Rita Ora Interview - July 2015 Cover Story». Marie Claire (Hearst Corporation) (July 2015 issue). «And that was enough, apparently, to lure their Muslim father, Besnik (Vera is Catholic). The two fled conflict–torn Kosovo in 1991, when Ora was a year old, and settled in London. Her father, who had studied economics, opened his pub–he's not a devout Muslim–and her mother became a psychiatrist.»
- ↑ «Rita Ora's My London». London Evening Standard. 31 August 2012. Arkivert frå originalen 5 February 2018. Henta 4 November 2012.
- ↑ «Sylvia Young Theatre School: Preparing students with raw talent to be the stars of tomorrow». The Stage (på engelsk). Henta 1 February 2021.
- ↑ 8,0 8,1 «Rita Ora: 'You have to make yourself... unforgettable'». London Evening Standard. 1. februar 2013. Arkivert frå originalen 19 October 2013. Henta 20. juli 2013.
- ↑ «Rita Ora Says Walking Off Eurovision Song Contest Saved Her Career». Capital Radio. 26. februar 2013. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 15. august 2013.
- ↑ «Rita Ora – Your Country Needs You!». 22 September 2010. Arkivert frå originalen 3. mars 2013. Henta 3. april 2011 – via YouTube.
- ↑ «Interview with Sarah Stennett». hitquarters.com. 21 January 2013. Arkivert frå originalen 5 June 2015. Henta 1 August 2013.
- ↑ «Rita Ora files suit seeking departure from Jay Z's Roc Nation». mobo.com. 18. desember 2015. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. Henta 5. januar 2016.
- ↑ Sblendorio, Peter (17. desember 2015). «Rita Ora files lawsuit against Jay Z's record label, Roc Nation». Daily News (New York). Arkivert frå originalen 20. desember 2015. Henta 18 December 2015.
- ↑ Fleming, Kirsten (7 July 2012). «Hova's hottie». New York Post. Arkivert frå originalen 14. august 2012. Henta 15 August 2012.
- ↑ Wete, Brad (12. april 2010). «Drake's new 'Over' video: Watch it here». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 19. oktober 2014. Henta 19 April 2010.
- ↑ «Rita Ora Covers OutKast's 'Hey Ya!'». rap-up.com. Arkivert frå originalen 14. juli 2015. Henta 13. august 2013.
- ↑ «DJ FRESH AND RITA ORA INTERVIEW». Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 13. august 2013 – via YouTube.
- ↑ "Rita Ora tops pop chart, Keane rival Beatles album hits" Arkivert 26. oktober 2014 ved Wayback Machine.. Reuters. Henta 14. mai 2012
- ↑ «New Music: Rita Ora F/ Tinie Tempah – "R.I.P."». rap-up.com. 29. februar 2012. Arkivert frå originalen 7. april 2016. Henta 1 March 2012.
- ↑ Rita Ora Tops UK Singles Chart Arkivert 16 December 2013 ved Wayback Machine.. MTV. Henta 14. mai 2012
- ↑ Lane, Dane (19. august 2012). «Rita Ora scores third Official Number 1 single». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 17. oktober 2014. Henta 20. august 2012.
- ↑ «Five Possible Album Names For Rita Ora's Debut, 'O.R.A.'». Vibe. 5. juni 2012. Arkivert frå originalen 15. september 2012. Henta 15. september 2012.
- ↑ "MTV Europe Music Awards: Rihanna leads nominations" Arkivert 12. april 2018 ved Wayback Machine.. The Telegraph. Henta 1. november 2012
- ↑ «Usher Postpones European 'Euphoria' Tour Dates». MTV. 26. november 2012. Arkivert frå originalen 29. loktober 2013. Henta 28. oktober 2013.
- ↑ «Rita Ora: 'Shine Ya Light' – Music video». Digital Spy. Arkivert frå originalen 4. januar 2013. Henta 18. august 2013.
- ↑ «Rita Ora – Chart History». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 15. februar 2016.
- ↑ «Rita Ora performs in Tirana». m-magazine.org. 29. november 2012. Arkivert frå originalen 14 July 2015. Henta 14. november 2013.
- ↑ "Brit Awards: Emeli Sande gets four nominations" Arkivert 29 January 2016 ved Wayback Machine.. BBC News. Henta 10. januar 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Rita Ora» frå Wikipedia på bokmål og «Rita Ora» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2020.