Honkin' on Bobo

album av Aerosmith
Honkin' on Bobo
Studioalbum av Aerosmith
Språk engelsk
Utgjeve 30. mars 2004[1]
Innspelt 2003
Studio
    • The Boneyard
    • The Bryer Patch
    • Pandora's Box
Sjanger
Lengd 43:57
Selskap Columbia
Produsent
Aerosmith-kronologi 
Just Push Play
(2001)
Honkin' on Bobo Music from Another Dimension!
(2012)


Singlar frå Honkin' on Bobo
  1. «Baby, Please Don't Go»
    Utgjeve: 2004

Honkin' on Bobo er det fjortande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gitt ut 30. mars 2004 på Columbia Records.[1] Albumet inneheld 11 coverversjonar av blues og bluesrock frå 1950-åra og 1960-åra, med ein ny låt, «The Grind». Albumet hyllar dei tidlegaste innverknadane til Aerosmith og viser eit råare lydbilete samanlikna med dei nyare kommersielle albuma deira. Honkin' on Bobo vart produsert av Jack Douglas, som var produsenten til Aerosmith på dei aller fleste av utgivingane deira på 1970-talet.

Albumet selde over 160 000 eksemplar den første veka, og nådde femteplassen på Billboard 200.[2] Honkin' on Bobo vart sertifisert til gullplate av Recording Industry Association of America den 11. mai 2004.[3]

Bakgrunn endre

Etter at dei forlét Geffen Records i 1994, ønskte bandet at deira neste plate skulle vera eit bluesalbum. «Så,» sa vokalist Steven Tyler, «fekk me nyss om at Clapton skulle gjera det, og me sa: 'Faen!'... Me gjorde så utruleg mykje undersøkingar for dette albumet òg... Me tenkte òg på røtene våre, på å hylla dei tinga me elska: tidleg Yardbirds og alt. Nokre av Little Walter sine tidlege ting. Verkeleg obskure namn... Eg grov litt rundt meg sjølv i Chicago. Me hadde nokre flotte songar å jobba med - og så kom Clapton og gjorde det.»[4]

Honkin' on Bobo vart spelt inn på ranchen til Joe Perry i nærleiken av Boston, og bandet forplikta seg til berre å spela når dei var i godt humør. «Me ønskte å gjera noko me ikkje har gjort før, og som begeistrar oss,» sa Perry. «Det er det som får oss til å ønskja å gjera ei ny plate. Elles ville me sagt: 'OK, me har gjort alt me kan gjera, så kvifor gidd me å gå inn igjen?'»

Albumtittelen vart foreslått av Tyler, som hadde høyrt uttrykket før, kanskje frå songen til det kanadiske country/bluegrass-bandet The Good Brothers, og mora bandet med det.[5] Perry uttalte under eit radiointervju: «Me veit berre at det er ein frase som høyrest jazzaktig, ekkelaktig ut, så det fungerer for oss.»[6]

Mange spor inneheld munnspel av Tyler, inkludert Little Walters-songen «Temperature». Denne vart spelt i ein episode av House of Blues Radio Hour som handla om munnspel.[7] Den avgrensa utgåva av albumet kom med ein nøkkelring forma som eit munnspel.[8] Det første forslaget til eit omslag var eit munnspel stappa ned i dongerishortsen til ein modell. Det vart nedlagt veto sa Tyler, «fordi eg er i eit band med fire andre gutar.»[9]

«Stop Messin' Around» - ein Fleetwood Mac-cover, sungen av Perry - hadde aldri tidlegare dukka opp på eit Aerosmith-album, trass i at han hadde vore mykje spelt på konsertane til bandet i meir enn ti år.

Mottaking endre

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic69/100[10]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [8]
Blender     [11]
Entertainment WeeklyB−[12]
Rolling Stone     [13]
USA Today    [14]

Metacritic gav albumet ein skår på 69 av 100 baserte på 12 generelt positive meldingar.[10] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic sa at albumet er det beste bandet har gjort sidan Pump i 1989, og at det ikkje kan kallast eit «blues»-album fordi det er eit rockealbum. Han kalla albumet ei «overrasking» ved at, sjølv om plateomslaget og tittelen på albumet er dårleg, markerer det ei tilbakevending til Aerosmith.[8] I meldinga si for Blendersa Jon Pareles at bandet gjorde sitt bluesalbum annleis enn dei fleste andre fordi, i staden for å laga «respektable» coverversjonar, lagar dei ganske respektlause coverversjonar som «You Gotta Move». Albumet synte for han at Aerosmith framleis kan rocka.[11] Chris Willman frå Entertainment Weekly meinte at albumet ikkje levde opp til kva det burde vera fordi det er for høglydt, men nokre songar på albumet er gode.[12]

David Fricke frå magasinet Rolling Stone skreiv ein artikkel for magasinet som samanlikna og kontrasterte Aerosmith sitt Honkin' on Bobo og Eric Clapton sitt Me and Mr. Johnson som òg utforska bluesinnverknader. Han sa at albumet til Clapton mest handla om smerte, medan albumet til Aerosmith handla om sex og å rømma frå elskarar. Han reknar òg Bobo for å vera eit dobbelt hyllestalbum - ei hyllest til dei opphavlege musikarane og ei hyllest til 1960-åras bluesrock-band - og reknar albumet for å vera overdriven, noko Aerosmith er gode på.[13]

Innhald endre

I følgje plateomslaget:[15]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Road Runner» (Bo Diddley-song)Ellas McDaniel Mal:A.k.a. Bo Diddley3:46
2.«Shame, Shame, Shame» (Billy Williams-song)Ruby Fisher, Kenyon Hopkins2:15
3.«Eyesight to the Blind» (Sonny Boy Williamson II-song)Sonny Boy Williamson II3:09
4.«Baby, Please Don't Go» (Joe Williams-song)Joe Williams3:24
5.«Never Loved a Girl» (Aretha Franklin-song)Ronny Shannon3:12
6.«Back Back Train» (Mississippi Fred McDowell-song)Fred McDowell4:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«You Gotta Move» (Mississippi Fred McDowell-song)Rev. Gary Davis, Fred McDowell5:30
8.«The Grind»Steven Tyler, Joe Perry, Marti Frederiksen3:46
9.«I'm Ready» (Muddy Waters-song)Willie Dixon4:13
10.«Temperature» (Little Walter-song)Joel Michael Cohen, Walter Jacobs2:52
11.«Stop Messin' Around» (Fleetwood Mac-song)Clifford Adams, Peter Green4:29
12.«Jesus Is on the Main Line» (Mississippi Fred McDowell-song)(Trad. arr. F. McDowell)2:51
Japansk utgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Jaded»Tyler, Marti Frederiksen3:34

Medverkande endre

I følgje plateomslaget:[15]

Andre medverkande

Produksjon

Salslister endre

Vekeslister endre

Vekesliste for Honkin' on Bobo
Liste (2004) Plassering
Den australske albumlista (ARIA)[16] 59
Austerrikske album (Ö3 Austria)[17] 22
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[18] 44
Kanadiske album (Billboard)[19] 5
Nederlandske album (MegaCharts)[20] 64
Finske album (Suomen virallinen lista)[21] 35
Franske album (SNEP)[22] 52
Tyske album (Offizielle Top 100)[23] 32
Irske album (IRMA)[24] 60
Italienske album (FIMI)[25] 21
Den japanske albumlista (Oricon)[26] 6
Skotske album (OCC)[27] 21
Spanske album (AFYVE)[28] 48
Svenske album (Sverigetopplistan)[29] 38
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[30] 17
Britiske album (OCC)[31] 28
US Billboard 200[32] 5
US Top Blues Albums (Billboard)[33] 1

Årslister endre

2004 year-end chart performance for Honkin' on Bobo
Liste (2004) Plassering
US Billboard 200[34] 151

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Japan (RIAJ)[35] Gull 100 000^
USA (RIAA)[36] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Furniss 2012, eBook.
  2. «Aerosmith Bask in the Blues». Rolling Stone. Henta 16. mai 2023. 
  3. «RIAA Gold & Platinum Search Results». RIAA. Arkivert frå originalen 8. september 2012. Henta 17. mai 2023. 
  4. Fricke, David (3. november 1994). «Talk this way - the Rolling Stone interview with Aerosmith's Steven Tyler». Rolling Stone: 60. 
  5. AEROSMITH BLUES ALBUM INSPIRED BY BIKE CRASHES AND FUNNY #PHRASES
  6. Aerosmith - Making of Honkin' On Bobo Pt. 1YouTube
  7. [1] Arkivert 2011-10-01 ved Wayback Machine.
  8. 8,0 8,1 8,2 Erlewine, Stephen Thomas. Honkin' on BoboAllmusic
  9. Higginbotham, Adam (mai 2004). «Dear Superstar - Steven Tyler». Blender: 58. 
  10. 10,0 10,1 «Honkin' On Bobo Reviews, Ratings, Credits, and More at Metacritic». Metacritic. Henta 16. mai 2023. 
  11. 11,0 11,1 Pareles, Jon. «Review : Honkin' on Bobo». Blender.com. United States: Alpha Media Group. Henta 17. mai 2023. [daud lenkje]
  12. 12,0 12,1 Willman, Chris (2. april 2004). «Review : Honkin' on Bobo». Entertainment Weekly.com. 
  13. 13,0 13,1 Fricke, David (15. april 2004). «Review : Honkin' on Bobo». Rolling Stone. 
  14. Edna Gundersen (29. mars 2004). «Clapton, Aerosmith dabble in the blues». USA Today. Gannett Company. 
  15. 15,0 15,1 Honkin' On Bobo. Aerosmith. U.S.: Columbia Records. 2004. CK 87025. 
  16. «The ARIA Report (Issue 737)» (PDF). Australian Recording Industry Association. Australian Web Archive. s. 5. Arkivert frå originalen (PDF) 6. april 2004. Henta 8. august 2011. 
  17. "Aerosmith - Honkin' on Bobo" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  18. "Aerosmith – Honkin' on Bobo" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  19. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  20. "Aerosmith – Honkin' on Bobo". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  21. "Aerosmith: Honkin' on Bobo" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  22. "Aerosmith – Honkin' on Bobo". Lescharts.com. Hung Medien.
  23. "Offiziellecharts.de – Aerosmith – Honkin' on Bobo" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  24. "Aerosmith – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien.
  25. "Aerosmith – Honkin' on Bobo". Italiancharts.com. Hung Medien.
  26. 2004年04月第2週の邦楽アルバムランキング情報 (PHP). Oricon Style (på japansk). Henta 8. august 2011. 
  27. "20040404 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  28. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  29. "Aerosmith – Honkin' on Bobo". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  30. "Aerosmith – Honkin' on Bobo". Swisscharts.com. Hung Medien.
  31. "20040404 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  32. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard 200 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  33. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Top Blues Albums for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  34. «Top Billboard 200 Albums – Year-End 2004». Billboard. Henta 17. mai 2023. 
  35. «Japanese album salstrofé – エアロスミス – ホンキン・オン・ボーボゥ» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  36. «American album salstrofé – Aerosmith – Honkin' on Bobo». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH