Opna hovudmenyen
Skøyteløparen Roar Grønvold.
Skihopparen Roar Ljøkelsøy.

Roar og Hroar er ein skandinavisk variant av det germanske mannsnamnet Rodger. Roger er ei engelsk utgåve. Norrøne variantar av namnet var Hróarr eller Róarr.

Namnet er sett saman av Ro-, som kan koma av det norrøne ordet hróðr eller gammalhøgtysk hruod, som begge betyr 'ære' eller 'vidspurd', og -ar, som kan koma av norrønt geirr eller gammalhøgtysk ger, med tydinga 'spyd', eller av urnordisk *hariaR, 'krigar' eller *wariaR, 'forsvarar'.

Roar har norsk namnedag den 4. januar.

BrukEndra

Roar er eit vanleg namn i Noreg, men er lite utbreidd i andre land.

I 2009 var det 7 326 norske menn som heitte Roar. Namnet kom i bruk på 1890-talet, og bruken voks til ein topp på 1950- og 1960-talet, då over 0,5 % av nyfødde gutar fekk namnet.

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra