Rob Tyner
Robert W. Derminer (12. desember 1944–18. september 1991), kjend som Rob Tyner, var ein USA-amerikansk musikarar, mest kjend som songar i proto-punkbandet MC5 frå Detroit. Han tok scenenamnet sitt etter jazzpianisten McCoy Tyner. Det var Tyner som ropte «kick out the jams, motherfuckers» på konsertane til MC5, noko som skapte kontroversar då opptak av det kom ut på plate. Tyner byrja opphavleg i bandet som bassist, men bandet forstod at han passa betre som solovokalist.
Rob Tyner | |||
Fødd | 12. desember 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Detroit | ||
Død | 18. september 1991 (46 år) | ||
Dødsstad | Berkley | ||
Fødenamn | Robert Derminer | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Protopunk, hardrock | ||
Instrument | Vokal, bass | ||
Tilknytte artistar | MC5 | ||
Plateselskap | Elektra Records | ||
Verka som | songar |
Biografi
endreTyner vart med i det som kom til å bli MC5 i 1964. Han prøvespelte som bassist, men vart etter kort tid flytta over til solovokal. Han vart verande med bandet til dei vart oppløyst i 1972.
I 1977 samarbeidde Tyner med Eddie & the Hot Rods på ein singel og ein turné i Storbritannia. Samstundes starta han «The New MC5» i USA, som seinare skifta namn til Rob Tyner Band og la grunnlaget for «Rob Tyner & the National Rock Group», som aldri gav ut nokre innspelingar.
17. september 1991 døydde Tyner av eit hjarteattak i setet på den parkerte bilen sin i heimbyen Berkley i Michigan. Han vart teken til Beaumont Hospital i Royal Oak, der han døydde, og etterlet kona Becky og tre barn.[1]
Diskografi
endreMC5
endre- Album
- Kick Out the Jams (1969)
- Back in the USA (1970)
- High Time (1971)
Robin Tyner & The Hot Rods
endre- «Till the Night Is Gone (Let's Rock) / Flipside Rock» (1977)
Solo
endre- Blood Brothers (1990)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rob Tyner» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rob Tyner, Singer With MC5 Group In 60's, Dies at 46 - New York Times