Robert Eriksson
Robert Eriksson (fødd 23. april 1974 i Levanger) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet og arbeidsminister 2013-15 i regjeringa Solberg. Han var vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke i 2005 og representerte fylket på Tingert til 2013. Periodane 1997–2005 var han vararepresentant til Stortinget.
Robert Eriksson | |||
Robert Eriksson Foto: Bård Gudim / FrP Media | |||
Fødd | 23. april 1974 (50 år) Levanger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Høgskolen i Nord-Trøndelag | ||
Verv | Norsk arbeidsminister 16. oktober 2013–16. desember 2015 | ||
Føregangar | Anniken Huitfeldt | ||
Etterfylgjar | Anniken Hauglie | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 2005–30. september 2013 | ||
Alle verv |
|
Eriksson har ufullførte studiar i økonomi frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, og arbeidde frå 1996 i og for partiet som organisasjonssekretær i FpU (1996–1997), valkampleiar for Framstegspartiet i 1997, og som politisk rådgivar for stortingsgruppa til partiet frå 1997 til 2001, med ansvar for Næringskomiteen og Olje-, energi- og miljøkomiteen. Han arbeidde som dagleg leiar ved TrygVestas salssenter på Levanger frå 2001 til 2005.
Eriksson var fylkesleiar i Framstegspartiet sin Ungdom (FpU) frå 1991 til 1994, leiar i Verdal FrP frå 1992 til 1993, nestleiar i FpU frå 1998 til 2000, og leiar i Nord-Trøndelag FrP frå 2002. Han er leiar i Verdal fotball sidan 2002.
Han var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag frå 1995 til 2005, og sat i fylkesutvalet frå 1999 til 2003. Han sat også i kommunestyret i Verdal frå 1991 til 2005, frå 1991 til 1997 også i formannskapet.
Stortingskomitear
endre- 2009–2013 leiar i Arbeids- og sosialkomiteen
- 2005–2009 medlem i Arbeids- og sosialkomiteen
Bakgrunnsstoff
endre- Robert Eriksson hos Framstegspartiet