Robert Karl Grabarz (fødd 3. oktober 1987) er ein britisk friidrettsutøvar frå Enfield som tevlar i høgdehopp. Han vart europameister i øvinga i 2012, same sesongen vann han bronsemedaljen under OL i London.

Robert Grabarz


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 3. oktober 1987 (36 år)
Enfield Town
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018

Aktiv endre

Grabarz mislukkast i å kvalifisere seg til friidretts-VM 2011. Dette fekk han til å skjerpe treninga. Allereie i januar 2012 fekk han sitt internasjonale gjennombrott då han gjekk over 2,34 meter under eit innandørsstemne i Wuppertal. Hans gamle personlege rekord var på 2,28 m.

I juni 2012 vann Grabarz gullmedaljen i høgdehopp i friidretts-EM i Helsingfors ved å ta seg over 2,31 m. Han fylgde opp prestasjonen under dei olympiske leikane i London i byrjinga av august ved å vinne ein bronsemedalje, etter å ha klart 2,29 m i fyrste forsøk i finalen. Også Mutaz Barshim frå Qatar og Derek Drouin frå Canada fekk kvar sin bronsemedalje. Ivan Ukhov frå Russland vann OL-gullet med 2,38 m.

Etter sigrar i DL-stemna i Roma og Birmingham vann Grabarz høgdehopp-trofeet i Diamond League 2012. Den 23. august 2012 sette han personleg rekord med 2,37 meter under eit DL-stemne i Lausanne, ei tangering av den britiske rekorden som Steve Smith sette i 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre