Mutaz Essa Barshim

Mutaz Essa Barshim (fødd 24. juni 1991) er ein høgdehoppar frå Doha i Qatar. Han vart verdsmeister i 2017 og forsvarte VM-tittelen i 2019, sommaren 2021 vart han olympisk gullmedaljevinnar i Tokyo. Hans personlege rekord på 2,43 meter er det einast verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor med 2,45 m som overgår.

Mutaz Essa Barshim


Statsborgarskap Qatar
Fødd 24. juni 1991 (32 år)
Doha
Idrett friidrett
Tok del i

Asialekene 2010, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Høydehopp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Høydehopp menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Høgdehopp menn

Aktiv endre

Barshim var ein dei absolutt beste høgdehopparane i verda frå 2012. Under Sommar-OL 2012 var han ein av tre utøvarar som fekk kvar si bronsemedalje. Veker etter sommarleikane presterte han personbeste i Lausanne med 2,39 m. Denne landsrekorden forbetra han den 1. juni 2013 i Eugene i Oregon til 2,40 m. I verdsmeisterskapen 2013 i Moskva måtte han nøye seg med sølv, trass i at han tok seg over 2,38 m.

5. september 2014 vann Barshim høgdetevlinga i DL-stemnet i Brussel på 2,43 meter, ingen andre enn verdsrekordhaldaren hadde hoppa så høgt. Etter fjerdeplass i Beijing-VM 2015, lukkast han vinne sølvmedaljen under OL 2016 i Rio de Janeiro.

Barshim vann gullmedaljen både ved Friidretts-VM 2017 og Friidretts-VM 2019, i den siste meisterskapen var han den einaste som svinga seg over 2,37 meter, årsbeste for hans del. Også under Sommar-OL i 2021 presterte han 2,37 m, noko som gjorde at han italienaren Gianmarco Tamberi kunne dele gullet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre