Roberto Baggio

italiensk fotballspelar

Roberto Baggio (fødd 18. februar 1967) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Caldogno i provinsen Vicenza. Mellom 1988 og 2004 spela han 56 landskampar for Italia. Han var då med på å vinne VM-bronse i 1990 og VM-sølv fire år seinare. Baggio var ein angrepsspelar kjend som ein kreativ playmaker med ein finslipt teknikk og gode frispark.

Roberto Baggio
Personleg informasjon
Fullt namn Roberto Baggio
Fødselsdato 18. februar 1967 (57 år)
Fødestad Caldogno i Italia
Høgd 174 cm
Posisjon Spiss, offensiv midtbane
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1982-1985 Vicenza 36 (13)
1985-1990 Fiorentina 94 (39)
1990-1995 Juventus 141 (178)
1995-1997 Milan 51 (12)
1997-1998 Bologna 30 (22)
1998-2000 Inter 41 (9)
2000-2004 Brescia 95 (45)
Totalt 488 (216)
Landslag
1988-2004 Italia 56 (27)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Baggio debuterte i juni 1983 for Vicenza, som då spelte i Serie C. I 1985 fekk han kontrakt med Fiorentina men fekk lite speletid dei to fyrste sesongane. Gjennombrotet kom i 1988/89-sesongen. Våren 1990 var han ein sentral spelar då klubben frå Firenze tok seg til finalen i UEFA-cupen.

Straks etter UEFA-cuptapet vart han overført til Juventus. Gjennom fem sesongar var han den viktigaste spelaren i Juventus, særleg dyktig var i 1993, då han vart kåra til både Europas og verdas beste fotbalspelar. Deretter spelte han i to sesongar for AC Milan. 1997/98-sesongen skåra han 22 seriemål for Bologna. I 1998 reiste han tilbake til Milano, for to sesongar hos Inter. Han avslutta med fire sesongar for Brescia. Etter 18 sesongar i italiensk toppfotball la han opp i mai 2004.

Landslagsspel endre

Den 16. november 1988 spelte Baggio sin fyrste landskamp då Italia i Roma vann 1-0 over Nederland. På det italienske landslaget deltok han i tre verdsmeisterskap i fotball. I sitt første VM, som vart arrangert i heimlandet, kom Baggio inn som eit friskt pust og skåra to mål.

Under VM i fotball 1994 i USA tok Italia seg til finalen, mykje takk vere avgjerande skåringar signert Baggio. Finalen mellom Brasil og Italia enda 0-0. I den avsluttande straffeskytinga skaut Baggio langt over og utanfor det brasilianske målet på det avgjerande straffesparket, dermed hamna VM-pokalen i Brasil. I tida etter USA-VM fekk han få kampar på landslaget, fyrst under VM 1998 fekk han mykje speletid.

I 1998 deltok Baggio i sitt siste VM, og var på ny ei viktig brikke i det italienske laget. Våren 1999 spelte han han sin nest siste landskamp for Italia, den siste fekk han fem år seinare då heimelaget og Spania spelte uavgjort i ein vennskapskamp i Genova. Totalt spela Baggio 56 landskampar for Italia og skåra 27 mål. Han er den einaste italienaren som har skåra mål i tre verdsmeisterskap.

Han la opp som fotballspelar våren 2004.

Merittar endre

  • VM-sølv 1994
  • VM-bronse 1990
  • Vinnar av UEFA-cupen 1993 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1995 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1996 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister 1995 med Juventus
  • Gullballen 1993