Robertus Jacobus Hirsch (9. april 17902. juli 1856) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Stjørdal. Han var far til Christian Hirsch.

Robertus Hirsch
Fødd 9. april 1790
Død

2. juli 1856 (66 år)

Yrke politikar

Hirsch var son til ein offiser, og utdanna seig i same retning som faren. I 1807 tok han som kadett del i forsvaret av København. Året etter vart han offiser, frå 1814 var han premierløytnant i den nordenfjeldske skiløperbataljon. I 1818 vart han overført til den trondhjemske brigade, som kaptein frå 1824 og major frå 1838. Som kaptein budde han i fødebygda Stjørdal fram til 1836, sidan busett i Trondheim. Han vart forfremja til oberstløytnant i 1840.

Hirsch var 2. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget 1830. Han var medlem av bankkomiteen og av komiteen om brannvesenet i byane.

Han døydde i Trondheim i 1856.

KjelderEndra