Robin Orr
Robert Kemsley (Robin) Orr CBE (2. juni 1909–9. april 2006) var ein skotsk organist og komponist.[1]
Robin Orr | |||
Fødd | 2. juni 1909 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brechin | ||
Død | 9. april 2006 (96 år) | ||
Dødsstad | Cambridge | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | opera, symfoni | ||
Instrument | pipeorgel, orgel | ||
Verka som | komponist | ||
Prisar | kommandør i den britiske imperieorden |
Liv og virke
endreOrr var fødd i Brechin, og blei utdanna ved Loretto School.[1] Han studerte orgel ved Royal College of Music i London under Walter Galpin Alcock, og piano med Arthur Benjamin.[2] Deretter fortsette han studiane sine ved Pembroke College, Cambridge under Cyril Rootham. Etter å ha studert med Alfredo Casella og Nadia Boulanger i Paris, vendte han tilbake til Cambridge i 1938 som organist ved St John's College, der han etterfølgde Rootham.[2] Medan han tenestegjorde i Royal Air Force under andre verdskrigen sat Herbert Howells i stillinga for han.
Etter andre verdskrigen blei han førelesar ved Cambridge og professor ved Royal College of Music, og deretter Gardiner Professor of Music ved Glasgow University frå 1956 til 1965.[3] I Glasgow arbeidde han saman med Alexander Gibson for å starta samtidsmusikkfestivalen Musica Viva, og promotera arbeidet til Stockhausen, Schönberg, Stravinskij, Iain Hamilton, Thea Musgrave og Orr sjølv.[4] Gibson bad òg Orr om å hjelpa han med å skipa Scottish Opera i 1960, og Orr var formann frå 1962 fram til 1976.
Han vende tilbake til Cambridge i 1965 som professor i musikk, ei stilling han hadde til han pensjonerte i 1976.[5] Han blei utnemnd til CBE i 1972.[6]
Robin Orr gifta seg med Margaret Mace, ei dotter av egyptologen Arthur Cruttenden Mace, i desember 1937. Dei fekk tre born.[7] I 1979 skilde dei seg, og Orr gifta seg opp att, med Doris Winny-Meyer.[8] Han gav ut sjølvbiografien Musical Chairs i 1999.[9]
Musikk
endreOuverturen The Prospect of Whitby (med namn etter ein historisk pub i London) fekk noko merksemd i 1948. Men det var Symphony in One Movement (1960-63), som fyrst blei halden fram av Norman Del Mar og BBC Scottish Orchestra, men snart teken opp og spelt inn av Royal Scottish National Orchestra under Alexander Gibson, som sette Orr på kartet som komponist.[10] Gibson dirigerte verket ved BBC Proms i 1966.[11] Han skreiv to andre symfoniar (1970 og 1978), også desse ein-sats-verk. Han skreiv tre operaer: Full Circle (tinga av Scottish Television for Scottish Opera i 1968),[12] Hermiston (Edinburgh Festival, 1975) [13] og den komiske On the Razzle (1988), basert på eit skodespel av Tom Stoppard.[14][15][2] Orr stod òg for betydelege bidrag til anglikansk kyrkjemusikk, mykje av det for St John's College. Eit av desse som kan nemnast er «Come and let yourselves be built» (1961).[7][16]
Ein CD med orkestermusikken hans, inkludert Italian Overture (1952), From the Book of Philip Sparrow for sopranar og strengeinstrument med dikt av John Skelton (1969), Rhapsody for strykeorkester (1958) og Journeys and Places for sopran og orkester med dikt av Edwin Muir (1971) kom ut i 2000 for å markera 90-årsdagen til komponisten.[17][18] Ein annan CD med kammermusikken hans, inkludert den historiske innspelinga av Sonatina for Violin and Piano av Max Rostal i 1948, og andre arkivinnspelingar av Violin Sonata (1947), Serenade for String Trio (1948, rev. 1989) og Duo for Violin and Cello in one movement (1953, rev. 1965), blei gjeven ut til hundreårsdagen hans i 2009.[19]
Sinfonietta Helvetica (1990) var det siste orkesterverket hans. Han skreiv det i Sveits, der han hadde eit hus nær Klosters, for å markera 700-årsjubileet til den sveitsiske konføderasjonen.[7] Verket blei uroppført i Glasgow Royal Concert Hall den 6. desember 1991 av BBC Scottish Symphony Orchestra, dirigert av Feodor Glushchenko.[20]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Professor Robin Orr». Henta 22. juni 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Griffiths, Paul. 'Orr, Robin [Robert] (Kemsley)' in Grove Music Online
- ↑ McDonald, Tim. «Obituary: Robin Orr». Henta 22. juni 2018.
- ↑ Wilson, Conrad. Alex: The Authorised Biography of Sir Alexander Gibson (1993)
- ↑ Kemp, Ian. 'Robin Orr at 90', in The Musical Times, Spring 1990, pp. 11-17
- ↑ Obituary, Daily Telegraph, 15 May 2006
- ↑ 7,0 7,1 7,2 McLeod, John. 'Orr, Robert Kemsley [Robin]' in The Oxford Dictionary of National Biography
- ↑ WorldCat
- ↑ Obituary, The Times, 17 April 2006
- ↑ Fricker, Simpson, Orr Symphonies, reviewed at MusicWeb International
- ↑ BBC Proms archive, 8 August 1966
- ↑ Full Circle, Faber Music
- ↑ Hermiston, Opera Scotland
- ↑ On the Razzle, Wise Music
- ↑ Cole, Hugo. 'Orr, Robin' in Grove Music Online (Opera)
- ↑ Music and Letters, Volume 45 No 1, January 1964, p 90–91
- ↑ Robin Orr, Orchestral Works, reviewed at MusicWeb International
- ↑ Kemp, Ian. 'Robin Orr at 90: Age of Gold' in Musical Times No 1866, Spring 1999, p 11-17
- ↑ Robin Orr, Centenary Tribute, reviewed at MusicWeb International
- ↑ Radio Times, issue 3545, 21 November 1991, p 104
- Denne artikkelen bygger på «Robin Orr» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2024.