Thea Musgrave, CBE (fødd 27. mai 1928), er ein skotsk komponist, professor og lærar.

Thea Musgrave

Fødd27. mai 1928 (96 år)
FødestadEdinburgh
OpphavUSA
Sjangeropera, kunstmusikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, professor
PrisarGuggenheim-stipendiet, kommandør i den britiske imperieorden, The Queen's Medal for Music

Liv og virke

endre

Musgrave blei fødd i Barnton i Edinburgh. Ho studerte harmonilære, musikkanalyse, musikkhistorie og komposisjon på Universitetet i Edinburgh (1947–1950), mellom anna under Hans Gal. Ho studerte vidare på Musikkonservatoriet i Paris (1952–1954) under Nadia Boulanger. Ho har budd i USA sidan 1972.[1] Ho blei gjesteprofessor ved University of California, Santa Barbara i 1970, ei stilling som styrka den aukande tilknytinga hennar til amerikansk musikkliv. Musgrave gifta seg med den amerikanske bratsjisten og operadririgenten Peter Mark i 1971.[2] Frå 1987 til 2002 var ho distinguished professor ved Queens College ved City University of New York.[3]

Musgrave har skrive operaer, ballettmusikk, orkesterverk, kammermusikk, songar og korverk. Ho har ofte teke for seg historiske figurar i operaer, som Maria Stuart i Mary, Queen of Scots (1977), Harriet Tubman i Harriet, the Woman called Moses (1984), Simón Bolívar (1993; premiere 1995 ved Virginia Opera) og Pontalba (2003). I 2008 blei 80-årsdagen hennar markert med premierar på Points of View, Green, Cantilena, Taking Turns og andre verk.[4]

Thea Musgrave har mottatt fleire prisar, som Serge Koussevitsky Music Foundation-prisen i 1974. Ho høyrer til dei viktige komponistane innan moderne klassisk musikk i Skottland.

Utvalde verk

endre

Større verk

endre
  • Chamber Concerto No. 2 (1966; kammerensemble)
  • Night Music (1968; for kammerorkester – J. W. Chester/Edition Wilhelm Hansen London Ltd.)[5]
  • Concerto for Orchestra (1967; orkester)
  • Clarinet Concerto (1969; klarinett, orkester)[6]
  • Concerto for Horn (1971; horn, orkester)
  • Viola Concerto (1973; bratsj, orkester)
  • Rorate Coeli (1973; kor)
  • Orfeo (1975; solofløyte & tape eller strykarar)
  • Pierrot (1985; klarinett, fiolin og piano)
  • Song of the Enchanter (1990; orkester; bestillingsverk til ære for 125-årsdagen til Jean Sibelius)[7]
  • Helios (1994; obo, orkester)
  • Journey through a Japanese landscape (1994; marimba, blåsarar, harpe, piano, perkusjon)
  • Songs for a Winter's Evening (1995; sopran, orkester)
  • Phoenix Rising (1997, orkester)
  • Aurora (1999; strykeorkester)
  • Ring Out Wild Bells (2000; klarinett, fiolin, cello, piano)
  • The Mocking-Bird (2000; baryton, orkester)
  • Turbulent Landscapes (2003; orkester)
  • Wood, Metal and Skin (2004; perkusjon, orkester)
  • Two's Company (2005; obo, perkusjon, orkester)
  • Voices of Power and Protest (2006; kor)
  • Night Windows (2007; oboe, piano – 2016; obo, strykarar)
  • Points of View (2007; orkester)
  • Cantilena (2008; obokvartett)
  • Green (2008; strykekammerorkester– 2014; strykeorkester)
  • Poets in Love (2009; tenor, baryton, firhendig piano)
  • Ithaca (2010; kor)
  • Towards the Blue (2010; klarinett, orkester)
  • Five Songs for Spring (2011; baryton & piano eller baryton & orkester)
  • Loch Ness – A postcard from Scotland (2012; orkester)
  • The Voices of Our Ancestors (2014; kor, messingblåsarar, orgel)
  • La vida es Sueño (2016; baryton, piano)
  • From Darkness into the Light (2017; cello, orkester)
  • Missa Brevis (2017; kor, orgæln)

Operaer

endre
  • The Abbot of Drimock (1955)
  • Marko the Miser (1962)
  • The Decision (1965)
  • The Voice of Ariadne (1973)
  • Mary, Queen of Scots (1977)
  • A Christmas Carol (1979)
  • An Occurrence at Owl Creek Bridge (1981)
  • Harriet, the Woman Called Moses (1985)
  • Simón Bolívar (1995)
  • Pontalba (2003)

Kjelder

endre
  1. Garrett, Matthew L. (May 2012). «Thea Musgrave Choral Works. The New York Virtuoso Singers, Harold Rosenbaum, conductor. Bridge Records CD 9161, 2004». Journal of the Society for American Music 6 (2): 263–266. doi:10.1017/S1752196312000144. 
  2. Service, Tom (14. februar 2014). «Thea Musgrave's turbulent landscapes». The Guardian. Henta 29. mars 2018. 
  3. «The composer's quest. Thea Musgrave profile». The Herald. Glasgow. Henta 29. mars 2017. 
  4. «Biography». Thea Musgrave. Henta 29. mars 2017. 
  5. Kennan, Kent, Grantham, Donald The Technique of Orchestration, 3. utg. New Jersey: Prentice-Hall, 1983, p. 340
  6. «Clarinet Concerto – Thea Musgrave, Composer». Thea Musgrave web site. Arkivert frå originalen 6 February 2007. Henta 31. januar 2007. 
  7. Song of the Enchanter – Thea Musgrave, composer Arkivert 10. juni 2015 ved Wayback Machine.