Rock and a Hard Place
Rock and a Hard Place Singel av Rolling Stones frå albumet Steel Wheels | ||
Utgjeve | 4. november 1989 | |
Innspelt | Mars til juni 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:05, 5:25 (albumversjon) | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | Chris Kimsey & The Glimmer Twins | |
Rolling Stones-kronologi | ||
«Mixed Emotions» (1989) |
Rock and a Hard Place | «Almost Hear You Sigh» (1990)
|
«Rock and a Hard Place» er ein song av the Rolling Stones frå albumet deira Steel Wheels frå 1989. Han var den andre singelen frå albumet og er den siste singelen som nådde Topp 40 på Billboard-lista i USA.
Songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn i Air Studios på Monserrat og i Olympic Studios i London våren 1989. I plateomslaget til samleplata Jump Back frå 1993 sa Richards at songen vart skriven slik dei gjorde det i dei tidlege åra då dei budde nær kvarandre. Dei møttest på ferie på Barbados med eit par gitarar og eit piano og starta å skrive songar i lag.
With Jagger song solovokal, Richards Ron Wood og Jagger speler gitar, medan Bill Wyman og Charlie Watts spelar bass og trommer. Matt Clifford og Chuck Leavell spelte keyboard, medan The Kick Horns hadde blåsarar. På korvokal var Lisa Fischer, Sarah Dash og Bernard Fowler.
Utgjeving
endre«Rock and a Hard Place» vart gjeven ut som den andre singelen frå Steel Wheels den 13. november 1989. B-sida var ein sakte blues-song kalla «Cook Cook Blues». Singelen nådde 63. plass i Storbritannia og 23. plass i USA. Songen har vorte spelt sporadisk på turnane deira sidan, og eit konsertopptak vart gjeven ut på Flashpoint i 1991.
Salslister
endreListe (1989–90) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[1] | 99 |
Nederland (Mega Single Top 100)[2] | 23 |
UK Singles (Official Charts Company)[3] | 63 |
US Billboard Hot 100[4] | 23 |
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rock and a Hard Place (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2009.
- ↑ Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Rock and a Hard Place" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 29. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 29. mars 2018.