Rolvsøy i Finnmark
øy i Måsøy i Troms og Finnmark
Rolvsøy Lokalt namn: Gádde-Ižžát | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 89,4 km²
|
Høgaste punkt | Valfjordnæringen (363 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Demografi | |
Folketal | 72 (2001) |
Folketettleik | 0,8 /km² |
Rolvsøy (nordsamisk Gádde-Ižžát) er ei øy i Måsøy kommune i Finnmark. Øya ligg nord for Kvaløya og vest for Havøysund. Rolvsøy har eit areal på 89,4 km² og det høgaste punktet på øya er Valfjordnæringen på 363 moh. Øya hadde 72 innbyggjarar i 2001.[1]
Det er hurtigbåtsamband frå Gunnarnes på Rolvsøy til Ingøy, Havøysund og Hammerfest.
Hurtigruteskipet D/S Richard With vart torpedert og forliste ved Rolvsøy den 13. september 1941. 103 menneske omkom.[2] Skipet vart torpedert av ein britisk ubåt.[3]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Rolvsøy i Finnmark» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2008.
BakgrunnsstoffEndra
- Måsøy kommune: Rolvsøya
- Finnmark Dagblad: Historisk pub i Tufjord på Rolvsøy (30. juli 2004)
- Finnmark Dagblad: Doblar elevtalet med eigne ungar (29. juli 2006)
- Finnmark Dagblad: Vil forby jakt med hund på Rolvsøy (8. august 2006)
- museumsnett.no - Rolvsøy