Opna hovudmenyen

Ronald Edward Blair (fødd 16. september 1948) er ein USA-amerikansk bassist, mest kjend som medlem i Tom Petty and the Heartbreakers. Han var den første bassisten i bandet[1] frå 1976 til 1982. I 2002 kom han attende til gruppa etter ein 20 år lang pause, og erstatta sin eigen erstattar, Howie Epstein.

Ron Blair
Ron Blair, 2017-08-28.jpg
Fødd16. september 1948 (71 år)
FødestadSan Diego i California
FødenamnRonald Edward Blair
AliasRonnie Blair
OpphavUSA
Aktiv1976–1982
2002 til i dag
SjangerRock, heartland rock
Instrumentbassgitar, vokal, gitar
Kjende instrumentFender Jazz Bass
Tilknytte artistarTom Petty and the Heartbreakers
Verka somMusikar

BiografiEndra

Faren til Blair var i marinen, så familien flytta kring USA med nokre års mellomrom, i tillegg til Japan og Hong Kong. Som tenåring i Japan spelte Ron i eit lokalt rockeband. Men det var i musikkmiljøa i Macon i Georgia, og Gainesville i Florida, at Blair kjende seg mest heime. I Gainesville vart Blair medlem av bandet RGF. Systera hans Janice Blair, som var songar, var ein gong gift med Gregg Allman, frå 1973 til 1975.

Blair flytta etter kvart til Los Angeles og slo seg der saman med andre Gainesville-musikarar, Mike Campbell, Benmont Tench og Stan Lynch. Campbell og Tench, i lag med Tom Petty, hadde vore medlemmar i Gainesville-bandet Mudcrutch. Mudcrutch flytta frå Gainesville til Los Angeles, men vart etter kvart oppløyst.

Tench fekk så med seg Campbell, Blair og Lynch til å spele inn demoar i håp om å få ein ny platekontrakt. Etter å ha observert desse innspelingane, spurte Petty dei om dei ønskte å fortsette å spele med han for Shelter Records og starte eit nytt band. Blair spelte med dette bandet på dei første albuma, Tom Petty & the Heartbreakers, You're Gonna Get It!, Damn the Torpedoes og Hard Promises, menv art stundom erstatta av studiobassistar, som Donald «Duck» Dunn.

Han kom attende til bandet 18. mars 2002, for å spele med bandet i Rock and Roll Hall of Fame-seremonien deira. Dette førte til at Blair kom tilbake til bandet som fast medlem for sommarturneen deira i 2002. Han var med på innspelinga av The Last DJ og har vore med på alle albuma og turneane sidan den gong.

Utanom the Heartbreakers, har Blair spelt på album av Barbara Morrison og Carlos Zialcita. Han har òg spelt med Kirstin Candy, Stevie Nicks, Del Shannon, Slobberbone og The Tremblers. Blair har òg spelt med The Dirty Knobs, sideprosjektet til Mike Campbell.

Tom Petty sa dette om Blair: «Det er flott å ha han attende i bandet. Det minnar meg om gamle dagar. Me hang i lag. Me kjenner kvarandre. Og han var alltid den beste bassisten i byen.»[2]

KjelderEndra

  1. Buckley, Peter (28. oktober 2003). The rough guide to rock. Rough Guides. s. 7. ISBN 978-1-84353-105-0. Henta 6 April 2011. 
  2. Orange County Register, 26. august 2002