Ron Meagher

Ron Meagher (fødd 2. oktober 1941) ein USA-amerikansk bassist, mest kjend som medlem i rockebandet The Beau Brummels. Då gitaristen og låtskrivaren Ron Elliott sette saman bandet i 1964, spurte han venen sin, Kay Dane, om ho kjende ein god bassist.[1] Dane tilrådde Meagher, men sa, «Han er litt rar. Han har langt hår!»[1] Etter han vart med i bandet vart Meagher ein viktig del av imaget til bandet, sidan han var ein av dei første amerikanske rockemusikarane med Beatles-aktig hår.[2]

Ron Meagher
Fødd2. oktober 1941 (79 år)
FødestadOakland i California
OpphavOakland i California
AktivSidan 1964
SjangerFolkrock, poprock, garasjerock
Instrumentbassgitar, vokal
Tilknytte artistarThe Beau Brummels, The Black Velvet Band
Verka sombassgitarist, korvokalist

I tillegg til å syngje korvokal, song Meagher stundom solo, som på «They'll Make You Cry», ein song frå debutalbumet deira Introducing the Beau Brummels i 1965.[2] Han vart verande med bandet då dei vart redusert frå ein kvintett til ein trio i 1967 for albumet Triangle.[3]

Under innspelinga av det neste albumet deira, Bradley's Barn, 1968, vart Meagher trekt ut til militærteneste og vart ein av få musikarar får eit kjend rockeband som deltok i Vietnamkrigen.[2] Då han kom heim att to år seinare, spelte Meagher i The Black Velvet Band med den tidlegare Beau Brummels-kollegaen Declan Mulligan.[2] Meagher spelte fleire gonger med Beau Brummels at dei neste tre tiåra, mellom anna på albumet The Beau Brummels i 1975.[4]

DiskografiEndra

Med The Beau Brummels

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Tahsler, Bruce (2007). Garage Bands From the Sixties, Then and Now (2nd utg.). San Francisco: Teens 'N Twenties Publications. s. 73. ISBN 978-1-4243-1813-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Ron Meagher - Biography». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 21. oktober 2020. 
  3. Unterberger, Richie (2000). Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco: Miller Freeman, Inc. s. 180. ISBN 978-0-87930-616-8. 
  4. March, Jeff; Childs, Marti (1999). Echoes of the Sixties. New York: Billboard Books (Nielsen Business Media, Inc.). s. 136. ISBN 978-0-8230-8316-9.