Opna hovudmenyen

Ron Tutt (fødd 22. mars 1938 i Dallas) er ein amerikansk trommeslagar som har spelt med mange artistar som Elvis Presley og The Carpenters.[1]

Ron Tutt
Fødd12. mars 1938
FødestadDallas
OpphavUSA
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar

Tutt dreiv med musikk og dans frå han var tre år gammal. Han spelte opphavleg fiolin, trompet og ukulele. Først i sisteåret på high school byrja han å spela det som skulle bli hovudinstrumentet hans, trommer.[1]

Tutt prøvespelte for TCB Band («Taking Care of Business»), som var bandet til Elvis Presley. Presley likte det han høyrte og Tutt vart permanent medlem av bandet. Tutt spelte med Presley fram til Elvis døydde i 1977.

Etter at TCB Band vart oppløyst då Elvis Presley døydde, byrja Tutt å spele trommer for Neil Diamond. Han har seinare spelt med Glen Campbell, Johnny Cash, Kenny Rogers, Los Lobos, Elvis Costello. Jerry Garcia, Billy Joel, Stevie Nicks og Michael McDonald.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Drummerworld: Ron Tutt». Henta 28. august 2014. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Ron Tutt