Ronald Jensen
Ronald Jensen (fødd 1946), opphavleg frå Sandnes i Sør-Varanger, er ein tidlegare skihoppar som representerte IL i BUL og fotballspelar for Stabæk Idrettsforening.
Ronald Jensen | |
Fødd | 1946 (75 år) |
Yrke | skihoppar |
AktivEndra
Jensen vart nummer 15 i normalbakken under verdsmeisterskapen i Oslo i 1966. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i 1966/67 og 1967/68, og vart begge gongane nummer 11 samanlagt. Hans beste plassering i enkeltrenn i hoppveka var fjerdeplassen i Bischofshofen 8. januar 1967. Under hopprennet i Svenska skidspelen i Falun i 1967 vart han nummer tre, bak landsmennene Lars Grini og Bent Tomtum. Han tok bronsemedalje i stor bakke på Voss under noregsmeisterskapen på ski 1967 og i stor bakke i Meldal i noregsmeisterskapen på ski 1970.
Sesongane frå 1971 til -73 spelte han på Stabæk sitt andredivisjonslag i fotball, der han var angrepsspelar.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra
- 1966: Nr 15 i normal bakke under VM i Oslo
- 1967: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun
- 1968: Nr 5 i Svenska skidspelen i Falun
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra
KjeldeEndra
- Sportsboken, aktuelle årgangar