Bent Tomtum (6. februar 194915. oktober 2001) var ein norsk skihoppar frå Vardal i Oppland. Han enda på femteplass i storbakkerennet under Vinter-OL 1968 i Grenoble. Tomtums beste plassering i internasjonal tevlingar var 2. plassar i Holmenkollen og i Falun 1967, samt i normalbakken i Oberstdorf romjula 1970. Han var nærast siger i Oberstdorf, hamna 1,7 poeng bak vinnaren Ingolf Mork. I den tysk-austerrikske hoppveka 1967/68 kapra Tomtum fjerdeplassen samanlagt, landsmannen Bjørn Wirkola vann. To gonger vart Tomtum noregsmeister i skihopping, 1967 og 1969. Begge gongene vann han rennet i normalbakken.

Bent Tomtum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1949
Gjøvik kommune
Død

15. oktober 2001 (52 år)
Gjøvik kommune

Yrke skihoppar

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1967: Nr 2 både i Holmenkollen og Lahti
  • 1968: 5. plass i OL i Grenoble 1968. Nr 4 i hoppveka totalt og i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen særskilt
  • 1969: Nr 5 i Lahti
  • 1970: Nr 11 i Oberstdorf
  • 1970/71: Nr 2 i Oberstdorf

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre