Ronnie Cuber

amerikansk musikar

Ronnie Cuber (fødd 25. desember 1941 i New York City) er ein amerikansk jazz-saksofonist. Han har òg spelt latin, pop, rock og blues. I tillegg til hovudinstrumentet, barytonsaksofon, spelar han òg tenorsaksofon, sopransaksofon, klarinett og fløyte, sistnemnte på eit album av Eddie Palmieri, i tillegg til sine eigne innspelingar. Som leiar er Cuber kjend for hard bop og latinsk jazz. Som sidemann har han spelt med mange musikarar, som B.B. King, Paul Simon og Eric Clapton.[1]

Ronnie Cuber

Fødd25. desember 1941
FødestadNew York by
Død7. oktober 2022 (80 år)
DødsstadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1959–2022
Sjangerjazz, rhythm and blues
Instrumentsaksofon, fløyte, Barytonsaksofon, bassaxofon
PlateselskapMilestone
Verka somjazzmusikar, saksofonist

Cuber var i Marshall Brown's Newport Youth Band i 1959, der han byta frå tenor- til barytonsaksofon. Det første meir kjende arbeidet hans var med Slide Hampton (1962) og Maynard Ferguson (1963–1965). Så spelte han frå 1966 til 1967 med George Benson. Han var òg medlem av Lee Konitz nonett frå 1977 til 1979.[2] Han spelte med Frank Zappa i midten av 1970-åra, mellom anna på albumet Zappa in New York. Han har vore medlem av Mingus Big Band sidan tidleg 1990-åra.

Diskografi endre

Som leiar endre

  • 1976: Cuber Libre! (Xanadu Records)
  • 1978: The Eleventh Day of Aquarius (Xanadu)
  • 1981: New York Jazz
  • 1985: Two Brothers (AMG)
  • 1985: Pin Point (PID)
  • 1985: Passion Fruit (PID)
  • 1986: Live at the Blue Note (ProJazz)
  • 1992: Cubism (Fresh Sounds)
  • 1993: The Scene is Clean (Milestone Records)
  • 1994: Airplay (SteepleChase Records)
  • 1996: In a New York Minute (SteepleChase)
  • 1997: N.Y.C.ats (SteepleChase)
  • 1998: Love for Sale (med The Netherland Metropole Orchestra) (Koch)
  • 2009: Ronnie (SteepleChase)
  • 2011: Boplicity (SteepleChase)

Som sidemann endre

Med Patti Austin

Med George Benson

Med Grant Green

Med Idris Muhammad

Med Horace Silver

Med Lonnie Smith

Med Mickey Tucker

Med Rare Silk

  • New Weave (1986)

Med Randy Brecker

  • 34th N Lex (2003)

Med Dr. John

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre