Roy Glauber
Roy J. Glauber (fødd 1. september 1925) er ein amerikansk fysikar tilknytt Harvard-universitetet. Han er tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk for 2005, medan John L. Hall og Theodor Hänsch deler den andre halvparten.
Roy Glauber | |||
| |||
Fødd | 1. september 1925 New York by | ||
---|---|---|---|
Død | 26. desember 2018 Newton | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | fysikk, teoretisk fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Harvard University Universitetet i Arizona Universitetet i Leiden | ||
Alma mater | Harvard University The Bronx High School of Science | ||
Doktorgradsrettleiar | Julian Schwinger | ||
Medlem | Royal Society National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Academia Europaea |
Glauber fekk prisen for sitt arbeid med kvanteteorien for optikk, som blei gjeve ut i 1963.
Han tok PhD i fysikk 1949 ved Harvard University og drog så til mellom anna Princeton Institute for Advanced Studies, men vende tilbake til Harvard i 1956. Han var professor i fysikk frå 1976. I 1944–1946 deltok han i Manhattanprosjektet der han mellom anna berekna den kritiske massen av spaltbart material til dei første atombombene. I forskinga si har Glauber særleg arbeidt med kvanteelektrodynamikk og problem knytt til vekselverknad mellom lys og materie.
Kjelder
endre- «Roy Jay Glauber», Store norske leksikon, 6. oktober 2009, henta 8. november 2013
Bakgrunnsstoff
endre- Side om Roy J. Glauber ved Harvard Arkivert 2012-04-10 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Omtale frå Nobelinstituttet (engelsk)