Rudolf E. Peierls

(Omdirigert frå Rudolf Peierls)

Rudolf E. Peierls (fødd 5. juni 1907 i Berlin, død 19. september 1995 i Oxford, England) var ein tysk-fødd britisk fysikar.

Rudolf E. Peierls

Fødd5. juni 1907
Berlin
Død19. september 1995
Oxford
NasjonalitetStorbritannia, Tyskland
Områdeteoretisk fysikk
Yrketeoretisk fysikar, universitetslærar, fysikar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversity of Oxford
University of Birmingham
Universitetet i Leiden
Victoria University of Manchester
Eidgenössische Technische Hochschule Zürich
University of Cambridge
Alma materLudwig-Maximilians-Universität München
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Universitetet i Leipzig
DoktorgradsrettleiarWerner Heisenberg
Friedrich Hund
Peter Debye
BarnRonald F. Peierls
MedlemRoyal Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Physical Society
National Academy of Sciences

Rudolf Peierls hadde ei viktig rolle i det kjernefysiske programmet til Storbritannia, men han hadde òg ei rolle i mange moderne vitskaplege program. Han studerte på eit Rockefeller-stipend ved Cambridge UniversityAdolf Hitler kom til makta i heimlandet Tyskland. Han fekk løyve til å bli verande i Storbritannia og han arbeidde i Manchester med ein organisasjon for flyktningar. I 1963 byrja han som professor ved University of Oxford.

Peierls pensjonerte seg frå stillinga si ved Oxford University i 1974. Han skreiv fleire bøker, inkludert Quantum Theory of Solids, The Laws of Nature (1955), Overraskelser i Teoretisk fysikk (1979), oppfølgjaren, Flere overraskelser i Teoretisk fysikk (1991) og sjølvbiografien sin, Bird of Passage (1985). Peierls vart utnemnd til kommandør i Order of British Empire i 1945 og vart adla i 1968. Han vart tildelt Lorentzmedaljen i 1962, og i 1980 mottok han Enrico Fermi Award frå styresmaktene i USA.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre