Rumble
Singel av Link Wray & His Ray Men
B-side

«The Swag»

Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve April 1958
Sjanger
Lengd 2:25
Selskap Cadence 1347
Komponist Milton Grant, Link Wray
Tekstforfattar ingen verdi
Låtskrivar(ar)
  • Milt Grant
  • Link Wray

«Rumble» er ein rockeinstrumental av Link Wray som fekk stor innverknad på seinare gitaristar og musikkstilar.[2] Han vart gjeve ut på singel i april 1958 og nytta innovative teknikkar som forvrenging og feedback på ein måte som ikkje var blitt gjort tidlegare. Han har òg vorte rekna som den første songen der det vert nytta powerakkordar,[3] den store modus operandi for moderne rockegitaristar.[2]

Historie endre

Under ein konsert i Fredericksburg i Virginia som backingband for The Diamonds, prøvde Link Wray and his Ray Men å spele på «The Stroll» då dei kom opp med ein mektig bluesinstrumental, som dei opphavleg kalla «Oddball». Songen slo særs godt an hos publikum og bandet måtte spele songen fire gonger same kveld.

Etter kvart vart songen spelt for plateprodusenten Archie Bleyer frå Cadence Records, men han likte ikkje songen[4], særleg ikkje etter at Wray hadde stukke hol i forsterkarane for få den rette lyden som han hadde hatt på konserten. Stedottera til Bleyer likte derimot songen så godt at ho fekk han til å gje han ut likevel.[5]Phil Everly høyrde songen og føreslo tittelen «Rumble», sida han hadde ein røff lyd og sa han høyrdest ut som ein gatekamp. På grunn av dette namnet vart songen bannlyst av fleire radiostasjonar fordi det var eit slanguttrykk for gateslagsmål, og ein frykta at songen skulle forherlige «ungdomskriminalitet»[6] Songen vart likevel ein stor internasjonal hit og klatra til 16. plassen på den amerikanske singellista sommaren 1958.[7] Mellom anna var The Who i Storbritannia sterkt inspirert av songen. Bob Dylan sa ein gong det var «den beste instrumentale nokon gong».[8] The Dave Clark Five spelte songen i 1964 på det første albumet sitt, A Session with The Dave Clark Five, og han finst òg på det andre amerikanske albumet deira, The Dave Clark Five Return!.

Ein oppdatert versjon av instrumental vart utgjeven av Wray i 1969 som «Rumble '69».

Innverknad endre

Stykket er blitt brukt i mange filmar, dokumentarar, fjernsynsshow og andre stader, som Top Gear, The Warriors (i ein sletta opningsscene), Pulp Fiction,[9] Independence Day, SpongeBob SquarePants vs. The Big One, Blow, the pilot episode of the HBO series The Sopranos, Starcraft II, Riding Giants, Roadracers og Wild Zero.

I dokumentarfilmen It Might Get Loud, set gitaristen Jimmy Page (frå Led Zeppelin) på singelen «Rumble» og skildrar songen som vendepunktet i kjærleiken hans for gitaren. Dokumentarfilmen Rumble: The Indians Who Rocked the World er kalla opp etter instrumentalen og omhandlar amerikanske indianarar i rocken.

Adam and the Ants-songen «Killer in the Home» på albumet deira Kings of the Wild Frontier få 1980 er basert på same refrenget som er i «Rumble» Ants-gitaristen Marco Pirroni har kalla Link Wray ei stor inspirasjonskjelde.

I eit intervju med Stephen Colbert i 2013 sa Iggy Pop at han «slutta på skulen med store kjensler» etter han først høyrde «Rumble», og avgjorde at han skulle bli musikar.[10]

Kjelder endre

  1. Richard Aquila (1989). That Old-time Rock & Roll: A Chronicle of an Era, 1954-1963. University of Illinois Press. s. 21. ISBN 978-0-252-06919-2. 
  2. 2,0 2,1 AllMusic om Link Wray
  3. Zitz, Michael. Fredericksburg Free Lance-Star. Fredericksburg, VA. "Fredericksburg Offered up Fertile Spot for Rock's Roots" Arkivert 2012-07-12 ved Archive.is 20. desember, 2005.
  4. «Guitarist Link Wray Dies». Rolling Stone. 2005. [daud lenkje]
  5. Doyle, Jack (May 10, 2010). «Rumble Riles Censors, 1958-59». PopHistoryDig.com. Henta 5 April 2016. 
  6. Rolling Stone Obituary[daud lenkje]
  7. Link Wray and His Ray Men
  8. Wray's 'Rumble' Still Reverberating Richard Harrington, Take Note - Rockabilly Hall of Fame
  9. Maury Dean, Rock 'n' Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia (Algora Publishing, 2003), 438.
  10. [1]

Bakgrunnsstoff endre

Mal:Link Wray