Rune Fossum Lillesvangstu
Rune Fossum Lillesvangstu (fødd 1974) er ein norsk journalist tilsett i NRK. Frå 2021 har han vore leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Han kjem frå Molde, men er busett i Førde.
Rune Fossum Lillesvangstu | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1974 (50 år) Molde kommune |
Yrke | journalist, forfattar |
Lillesvangstu har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, der han mellom anna var nestkommanderande offiser på Grense Jakobselv grensestasjon på den norsk-russiske grensa. Han har ein bachelor i journalistikk frå NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand, mellomfag i historie frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskolen i Molde.
Lillesvangstu byrja som sportsjournalist i avisa Firda i 1999. Der var han i nesten ti år, før han byrja i NRK Sogn og Fjordane. Der var han vaktsjef i fem år, og seinare reporter på TV, radio og nett. Sidan 2016 har han vore tilsett ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Først som faglærar i journalistikk og media, og frå 2021 har han vore leiar ved mediesenteret.
Lillesvangstu debuterte som forfattar i 2017 med ei bok om idrettsheltar frå Sogn og Fjordane. I 2020 gav han ut ei bok om Førde Idrettslag. I 2023 var han forfattar av to emneartiklar i eit trebindsverk om historia til Førde.
Bibliografi
endreBøker
endre- 2017 – 50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-127-2
- 2020 – Den spreke hundreåringen. Førde Idrettslag 1920–2020 (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-162-3
- 2023 – Historia om Førde (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-188-3
Kjelder
endre- «Rune Fossum Lillesvangstu». Selja forlag. Henta 28. september 2022.
- «Rune Fossum Lillesvangstu». NRK Nynorsk mediesenter. Arkivert frå originalen 8. desember 2017.