Søgne gamle kyrkje

kyrkje i Noreg

Søgne gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå rundt 1640 i Kristiansand kommune, Agder. Ho tilhøyrer Søgne sokn, som er ein del av Mandal prosti i Den norske kyrkja.[1] Ho er likevel ikkje lengre soknekyrkje, men nyttast til mellom anna bryllaup og dåp. Kyrkja er freda.[2]

Søgne gamle kyrkje
kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark bispedøme
Prosti Kristiansand Domprosti
Sokn Søgne
Fellesråd Søgne
Type Langkyrkje
Teknikk Panelt bindingsverk
Material Tre
Innvigd 1640-talet
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 270
Diverse Renessansemåleri i skip og kor
Kart
Søgne kyrkje
58°05′26″N 7°50′32″E / 58.09058194°N 7.84217806°E / 58.09058194; 7.84217806
Wikimedia Commons: Søgne gamle kirke

Kyrkja er i panelt bindingsverk med 270 sitjeplassar. Skipet har rike vegg- og takdekorasjonar frå 1600-1700-talet.

Søgne gamle kyrkje is located in Vest-Agder
Plasseringa til Søgne gamle kyrkje

Truleg har det vore ei kyrkje her tidlegare. Eit skiftebrev syner at det var prest og kyrkje på staden i 1344.[3]

Søgne prestegjeld blei skipa i 1604, før kyrkja som står no vart reist.

1814 endre

Kyrkja fungerte som valkyrkje i samband med vala til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Bak kyrkja blei det reist eit minnesmerke over Syvert Omundsson Eeg 17. mai 1914. Eeg representerte Søgne på riksforsamlinga.

Kjelder endre

  1. «Søgne gamle kirke». Kyrkjesøk. Henta 30. oktober 2014. 
  2. Kulturminnesøk
  3. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Søgne gamle kirke». Våre kirker - norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 461. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff endre