Agder og Telemark bispedømme

Agder og Telemark bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfattar Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder fylke. Sidan 2013 har Stein Reinertsen vore biskop i Agder og Telemark. Biskopen har sete i Kristiansand med Kristiansand domkyrkje.

Kristiansand domkyrkje
Foto: Bent Sigmund Olsen

Historie endre

I 1125 vart Stavanger bispedømme utskilt frå Bjørgvin. Dette nye bispedømmet strekte seg langs kysten frå Haugesund i vest til Gjernestangen mellom Risør og Kragerø, seinare til og med Eidanger, i aust. I 1682 gav kongen ordre om at biskop og stiftamtmann skulle flytte frå Stavanger til Kristiansand.

Agder bispedømme med Telemark og dei to Agder-fylka som sitt område vart oppretta i 1925, ved at Stavanger og Rogaland vart utskilt som eit eige bispedømme. Frå 1. januar 2005 vart namnet endra til Agder og Telemark bispedømme.

Biskop Olav Skjevesland markerte seg språkpolitisk i 2006 då han reiste til Oslo for å søkje departementet om å sleppe pålegget om å nytte nynorsk som administrasjonsspråk i Agder og Telemark bispedømme.

Biskopar endre

Prosti endre

Agder og Telemark bispedømme har følgjande prosti:

Kristiansand domprosti
Arendal prosti
Aust-Nedenes prosti
Bamble prosti
Lister og Mandal prosti

Otredal prosti
Skien prosti
Vest-Nedenes prosti
Øvre Telemark prosti

Fellesråd endre

Bispedømmet har har følgjande fellesråd:

Arendal
Bamble
Birkenes
Bygland
Bykle
Drangedal
Evje og Hornnes
Farsund
Flekkefjord
Froland
Fyresdal
Gjerstad
Grimstad
Hjartdal
Hægebostad
Iveland
Kragerø
Kristiansand
Kvinesdal
Kviteseid
Lillesand

Lyngdal
Midt-Telemark
Nissedal
Nome
Notodden
Porsgrunn
Risør
Seljord
Siljan
Sirdal
Skien
Tinn
Tokke
Tvedestrand
Valle og Hylestad
Vegårdshei
Vennesla
Vinje
Åmli
Åseral

Bakgrunnsstoff endre