Søl


Palmeria palmata.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Chromalveolata
Klasse: Florideophyceae
Orden: Palmariales
Familie: Laminariaceae
Slekt: Palmaria
Art: P. palmata
Vitskapleg namn
Palmaria palmata

Søl eller sòl er ein vanleg raudalge i Noreg.

UtsjånadEndra

Søl er ein raudalge med stor formvariasjon. Vanleg er breitt lansettforma blad, og nokre er tokløyvde i toppen. Algen vert 1-2 dm lang, nokre kan verte opptil 5 dm. Frå det første skotet i midten har det neste vår utvikla seg eit nytt blad og dessutan sideblad. Fleire individ kan vekse ut frå same festeskive.

UtbreiingEndra

Søl kan finnast på den europeiske atlanterhavskysten frå Portugal til Austersjøen og nordover til Færøyane og Island. Elles veks planta i arktisk Russland, i det arktiske og austlege Canada, i Alaska, Japan og Korea.

Førekomst i NoregEndra

Søl veks på stein, berggrunn og større algar frå nedre del av fjøresona ned til 15 m djupn. Arten finst langs heile norskekysten, særleg vanleg i vest og nord.

BrukEndra

Planta kan etast og har vore brukt til mat for menneske.

KjelderEndra