Søle eller søyle er ei flytande blanding av vatn med jord og/eller leire.[1] Gjørme kan visa til ei mindre flytande form for søle.

Hund i søle.
Foto: Gopal Aggarwal

Søle kan oppstå når det regner, gjerne i form av sølepyttar, små dammar med sølevatn. Ordet «søle» er avleidd frå å søle. Søle kan brukast til leik, som å laga sølekaker eller ha sølekrig, medan gjørmebryting kan vera ei form for underhalding. Ho blir også brukt til å kjøla seg ned av fleire dyr, som elefant og gris. Nokre former kan brukast til hudbehandling av menneske.

Sjå òg endre

  • Dy, innsjøsediment
  • Mudder, finkorna søle

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Søle