Sølvvengpetrell

fugleart
Sølvvengpetrell
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, i public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, i public domain
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Sølvvengpetrell
Utbreiinga av Sølvvengpetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Aphrodroma
Art: Sølvvengpetrell A. brevirostris
Vitskapleg namn
Aphrodroma brevirostris

Sølvvengpetrell (Aphrodroma brevirostris) er ein liten, skifergrå sjøfugl i stormfuglfamilien Procellariidae. Kroppslengda er 36 centimeter. Arten har vorte skildra som ein «taksonomisk kasteball», han blei lenge plassert i Pterodroma, «eigentlege» petrellar, før han blei splitta ut i 1942 og inn i si eiga slekt Lugensa, seinare Aphrodroma. Slekta vart ikkje allment akseptert før i 1985, jamvel om seinare forsking har støtta splitten. Stillinga innanfor familien er enno under debatt, då han vart delt frå Pterodroma-petrellar det vart antyda at dette kan vere medlem av gruppa havhestar, medan ein studie i 1998 plasserte arten nærare lirer og slekta Bulweria.[1]

Sølvvengpetrellegg

Sølvvengpetrellar hekkar i koloniar på avsidesliggande øyar, som Gough Island i Tristan da Cunha i Atlanterhavet, Marion Island, Prince Edward-øyane, Crozet-øyane og Kerguelen-øyane i Indiahavet. Arten er nattaktiv i koloniane der dei hekkar i hòler i våt jord. Vanlegvis vender inngangen bort frå den rådande vindretninga på staden. Dei legg eitt einskild egg per hekkesesong, egget er uvanleg rundt for familien. Begge foreldra tar del i ruginga i ca. 49 dagar, og etter klekking tar det nye 60 dagar til ungen er flygedyktig.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Nunn, G & Stanley, S. (1998)Body Size Effects and Rates of Cytochrome b Evolution in Tube-Nosed Seabirds Molecular Biology and Evolution 15: 1360-1371

Bakgrunnsstoff endre