Opna hovudmenyen

Søndre Høland kyrkje

kyrkje i Aurskog-Høland i Akershus

Koordinatar: 59°43′3.2628″N 11°26′54.848″E

Søndre Høland kyrkje
kyrkje
Søndre Høland kirke.jpg
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Østre Romerike
Sokn Søndre Høland
Fellesråd Aurskog-Høland
Type Krosskyrkje
Arkitekt Anders Haneborg e. Christian H. Grosch
Material Tre
Innvigd 1866
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Kleberstein
Altartavle Christen Brun e. Adolph Tidemand
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Søndre Høland kirke

Søndre Høland kyrkje er ei krosskyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Akershus fylke. Dette er den tredje kyrkja på Hemnes. Dei to tidlegare kyrkjene stod nordvest for tettstaden.

Kyrkja vart oppført i 1865–66 av byggmeistrane Gulbrand Johnsen og Andreas Sand på grunnlag av teikningar utarbeida av Anders Haneborg. Haneborg tok utgangspunkt i Båstad kyrkje, som er teikna av Christian H. Grosch.

Biletet i altartavla er måla av Christen Brun i kopi etter Adolph Tidemand, og motivet er hans populære bilete av oppstoda frå Bragernes kyrkje i Drammen. Klebersteinsdøpefonten vart tidlegare brukt i gamlekyrkja. Eit orgel av Amund Eriksen frå 1866 vart bygd om av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i 1965.[1]

På kyrkjegården står eit gravkapell frå 1924.

ReferansarEndra

  1. Kolnes, Stein Johannes (1987). Norsk orgelkultur : instrument og miljø frå mellomalderen til i dag. Oslo: Samlaget. s. 182. ISBN 8252129226. 

BakgrunnsstoffEndra

 
Mot koret. Altartavla har eit bilete måla av Christen Brun i kopi etter Adolph Tidemand
Foto: Kulturminnebilder.no
  Denne kyrkjeartikkelen som har med Akershus å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.