Søndre Katland fyrstasjon
Søndre Katland fyrstasjon er eit fyr som ligg på 2,5 sjømil ut frå Farsund i Agder. Det er eit leifyr i innseglinga til Farsund og uthamna Loshavn. Søndre Katland er særs utsett for vêr og vind og er ei dårleg hamn.
Søndre Katland fyrstasjon Foto: Erlend Bjørtvedt | |||
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Farsund | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1878 | ||
Koordinatar | 58°03.4158′N 6°50.4117′E / 58.0569300°N 6.8401950°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 14,5 | ||
Form | Fyrbygning med kvitt tårn | ||
Byggjemateriale | Betong | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Lysglimt vart 5. sek. | ||
Lyshøgd | 19,4 moh. | ||
Lysvidde | 8,9 nm | ||
Status | |||
Eigar | Kystverket | ||
Søndre Katland fyrstasjon 58°03′30″N 6°50′29″E / 58.05833333°N 6.84138889°E | |||
Fyret vart bygd i betong samstundes med Grønningen fyr utanfor Kristiansand. Begge desse fyra vart sett i drift 1. september 1878.
Under stormar har sjøen slått inn vindauga i 2. etasje og gjeve store vasskadar. Heile fyrbygningen kunne bli overskyld og sjølv pipa kunne verte fylt med vatn. Hamna på innsida av skjeret hadde opphavleg eit naust av tre. Etter at hard sjø øydela bygningen, vart han erstatta av ein bunkersliknande betongkonstruksjon som kunne verne båtane.
Då fyret var bemanna og matauk var viktig hadde ein kjøkkenhage i jordkassar som vart teke i hus kvar haust.
Fyret vart avbemanna i 1948.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete
- Søndre Katland fyr Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.