Opna hovudmenyen

Søre Osen kyrkje

kyrkje i Trysil i Hedmark

Koordinatar: 61°10′22″N 11°54′50″E

Søre Osen kyrkje
kyrkje
Søre Osen kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Trysil
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Østerdal
Sokn Søre Osen
Fellesråd Trysil
Type langkyrkje
Arkitekt Th. Berg
Material tre
Innvigd 1882
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Bjarne Rundfloen, 1964
Sitjeplassar 220
Wikimedia Commons: Søre Osen kirke

Søre Osen kyrkje er ei langkyrkje frå 1882 i Trysil kommune i Hedmark. Byggverket er i tømmer og har 220 sitjeplassar.

Kyrkjegarden vart vigsla i 1878. Kyrkja vart oppført av byggmeister Hans Øverby i 1880–82 og vigsla 22. november 1882. Ho stod umalt utvendig til 1907, og det noverande sakristiet er frå 1959. Same år blei det innreidd bårerom i kjellaren under sakristiet.

Bjarne Rundfloen laga ei ny altartavle til kyrkja i 1964. Motivet vert gjerne kalla «Jesus i Trysilskogen». Orgelet er frå 1981.[1]

FotnotarEndra

  1. Jubileumshefte (1982).

BakgrunnsstoffEndra