For andre tydingar av oppslagsordet, sjå samvirkelag.

S-laget (frå engelsk surface layer) er eit lag av protein eller glykoprotein som er vanleg kring bakteriar og arkar. Dei er anten knytte til peptidoglykanet eller den ytre sellemembranen i bakteriar og er den einaste komponenten i selleveggen til mange arkar. S-lag bidreg til mekanisk og osmotisk stabilisering av bakterie- eller arkesella. Den nøyaktige funksjonen til S-lag er truleg spesifikk for slekter og for grupper av prokaryotar som lever i det same miljøet.

S-laget i gram-positive bakteriar
S-laget i gram-negative bakteriar

Som regel har protein i S-laget eit høgt innhald av sure og hydrofobe (mest lysin) aminosyrer. Cystein er berre funne i nokre få S-lagprotein. Proteina i S-laget i gram-positive bakteriar og i mange arkar kan ha karbohydratkjeder kovalent bundne til seg (glykoprotein).

S-lag vart fyrste gongen oppdaga i 1952 på delar av selleveggen til bakterien Spirillum serpens gjennom eit elektronmikroskop.

Kjelder endre