Ølgjær
(Omdirigert frå Saccharomyces cerevisiae)
Ølgjær (Saccharomyces cerevisiae) er ein gjærsopp i slekta Saccharomyces. Han er ein viktig modellorganisme for eukaryotar og har ført til mange oppdagingar av gen i pattedyr.[1]
Ølgjær | |
Ølgjær | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Rekkje: | Sekksporesoppar Ascomycota |
Underrekkje: | Saccharomycotina |
Klasse: | Saccharomycetes |
Orden: | Saccharomycetales |
Familie: | Saccharomycetaceae |
Slekt: | Saccharomyces |
Art: | Ølgjær S. cerevisiae |
Vitskapleg namn | |
Saccharomyces cerevisiae |
Bruk ved brygging
endreØlgjær gjer at enkelte karbohydrat vert gjæra til etanol (alkohol). Stundom vert ølgjær kalla bryggerigjær, der gjærsoppen er drepen, medan enzym og vitaminar framleis er uskadde. Ølgjær er rikt på B-vitamin.
For bryggerigjær skil ein mellom «overgjær» og «undergjær». Overgjær dannar eit skum på toppen av væska under gjæringsprosessen og kan skape høgare alkoholinnhald og meir fruktig og søtare øltypar. Undergjær vert nytta til å lage lager. Denne gjærtypen produserer meir sukker, og har ein skarpare smak.
Kjelder
endre- ↑ Longo VD, Shadel GS, Kaeberlein M, Kennedy B (2012). «Replicative and chronological aging in Saccharomyces cerevisiae». Cell Metab. 16 (1): 18–31. PMC 3392685. PMID 22768836. doi:10.1016/j.cmet.2012.06.002.
- Denne artikkelen bygger på «Brewer's Yeast» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2009.
- «Ølgjær» i Caplex.