Sadad (arabisk صدد, Șadad) er ein by i Syria, 60 km sør for Homs, and 101 km nordaust for Damaskus.

Sadad
صدد
by
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Homs
Nahiyah Sadad
Koordinatar 34°18′48″N 36°55′27″E / 34.31333°N 36.92417°E / 34.31333; 36.92417
Folketal 3 503  (2004)
Kart
Sadad i Syria
34°18′48″N 36°55′27″E / 34.313456°N 36.924189°E / 34.313456; 36.924189

Historie endre

Sadad er ein særs gammal landsby og er truleg den same som er nemnt i Gamletestamentet (Fjerde mosebok, 34,8; Esekiels bok, 47,15) som Sedad, den nordaustlege grensa til det bibelske Kanaan, landet som var lovd til isralittane.

Det arabiske og osmanske styret endre

Byen var isolert ved utkanten av ørkenen og vart verande hovudsakleg syrisk-ortodoks, sjølv etter den muslimske erobringa av Syria på 600-talet. Arameisk vert framleis talt der.[1] Sadad har vore eit viktig bispedøme i tidlegare tider. Det var eit nært band mellom Sadad og klosteret St. Moses abyssinaren; i følgje Istifan al-Duwayhi kom somme av munkane ved klosteret frå Sadad.[2]

I ein rapport frå 1881, skildra ein fransk militærattaché utryggleiken i Sadad, der innbyggjarane stadig vart angripne av beduinar. Trass i skattane dei betalte til stammene som hadde leirar i området, stod dei alltid i fare for å bli herja. Innbyggjarane hadde derfor laga soltørka barrikadar kring landsbyen og dei kringliggande hagane, som hindra folk til hest å kome inn utan å gå av hesten, noko ein beduin sjeldan gjorde i fiendtleg territorium.[3]

Den syriske borgarkrigen endre

Den 21. oktober 2013 vart byen visstnok innteken av islamistiske militante frå al-Nusra Front, som sette opp høgtalarar på hovudplassen og bad innbyggjarane om å dra heim. Minst ni menneske vart drepne, då den syriske hæren sende inn styrkar den 22. oktober for å ta attende byen. Dei lokale var usikre på årsaka bak åtaket, men medisinane på sjukehuset i byen kan ha vore ei årsak, i tillegg til eit militært depot i nærleiken.[4]

Den 28. oktober hadde Den syriske arabiske armeen teke attende kontrollen over Sadad. Vitjande kyrkjeleiarar og landsbybuarar som vende heim att fann to massgraver med assyrisk sivile, inkludert kvinner og barn, med i alt 30 lik. Det var mistenkt at dei var massakrerte av islamistiske opprørarar.[5] 45 kristne vart drepne under okkupasjonen til opprørarane og fleire kyrkjer vart plyndra.[6][7]

Demografi endre

Landsbyen er i dag busett av kring 3 000 innbyggjarar, hovudsakleg kristne.

Hovudattraksjonar endre

Landsbyen er kjend for dei mange kyrkjene sine, særleg kyrkja Mar Sarkis og St. Theodor-kyrkja, som begge har utførlege freskar, noko som er uvanleg på veggane i syriske kyrkjer.[2]

Kjende folk endre

  • Barsum Hilal of Sadad, prest og kalligraf på 1500-talet.[8]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Sadad, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2014.
  • Barsum, Ignatius Afram I (2003). Moosa, Matti, red. The Scattered Pearls: a History of syrisk Literature and Sciences. Gorgias Press. 
  • De Courtois, Sébastien (2002). Le Génocide oublié : Chrétiens d'Orient, les derniers Araméens (på fransk). Ellipses. ISBN 978-2729812300. 
  • Dodd, Erica (2001). The Freskees of Mar Musa al-Habashi: a Study in Medieval Painting i Syria. Pontifical Institute of Mediaeval Studies. ISBN 978-0888441393. 
  • El Guindi, Fadwa (2008). By Noon Prayer: the Rhythm of Islam. Berg. ISBN 978-1845200978. 
  • Jullien, Michel (1893). Sinaï et Syrie : souvenirs bibliques et chrétiens (på fransk). Société Saint-Augustin, Desclée de Brouwer et Cie. 
  • Rogers, Justin M.; Woods, Clyde M. (2006). Leviticus-Numbers. College Press. ISBN 978-0899008783. 
  • Walvoord, John F.; Zuck, Roy B., red. (1985). The Bibelen Knowledge Commentary: Gamletestamentet. Victor Books. ISBN 978-0882078137. 
  1. El Guindi, s. 176.
  2. 2,0 2,1 Dodd.
  3. De Courtois, s. 17.
  4. «Islamist rebels fight army for Christian town in Syria». Reuters. 22. oktober 2013. Arkivert frå originalen 25. oktober 2014. Henta 8. juni 2014. 
  5. «Christians in Syria feel forgotten as mass graves found in Sadad». Morning Star News. 5. november 2013. 
  6. «Syria: Bodies of massacred Christians found in mass grave". Independent Catholic News. November 4, 2013.
  7. Ibrahim, Raymond (22. november 2013). «‘Largest Massacre of Christians in Syria’ Ignored». Human Events (The Human Events Group). Arkivert frå originalen 24. juni 2019. Henta 8. juni 2014. 
  8. Barsum, s. 547.