Sadko (russisk Садко) er hovudfiguren i ein austslavisk episk bylina. Han var ein eventyrar, kjøpmann og gusli-spelar frå Novgorod.

Sadko på ein Palekh-miniatyr

Handling endre

Sadko frå Novgorod spelte gusli ved breidda til ein innsjø og ei elv.[a] Tsaren over havet[2][b] likte musikken hans, og tilbaud han hjelp. Sadko blei fortald at han skulle vedda med dei lokale kjøpmennene om han kunne fanga ein fisk med gullfinnar i sjøen; då han fangde fisken (med hjelp frå havtsaren), måtte kjøpmennene som hadde tapt veddemålet gje mange pengar til Sadko, slik at han blei ein rik mann.[1][3][c]

 
Sjøtsaren dansar. Illustrasjon av Frank C. Pape frå 1916.
 
Sadko i undervassriket av Ilja Repin.

Sadko dreiv handel over sjøen med den nye rikdommen sin, men hadde ikkje vist nok respekt til sjøtsaren for hjelpa. Tsaren stoppa difor skipa til Sadko på sjøen. Han og sjøfolka hans prøvde å blidgjera tsaren med gull, utan å lukkast. Sadko forstod at han vil ha eit offer av ein levande sjel. Alle folka ombord trakk lodd om kven som skal ofrast, og Sadko trakk det kortaste strået, som av magi elle skjebne. Han blei kasta overbord og sokk ned i vatnet.[1][3]

I undervassriket spela Sadko gusli for sjøtsaren, som dansa slik at sjøen blei uroleg, og alle sjøfolka bad til Mikola Mozjaiskij (vernehelgenen for sjøfolk;[4] eller heilage Nikolas i andre variantar.[5]) Helgenen bad Sadko om å stoppa å spela, og kutta strengane om tsaren ikkje vil la han stoppa. Tsaren var nøydd til å gje han eit val om ei ungjente til å gifta seg med for å halda han i riket sitt, og Mikola gav han råd om å velja den siste, og åtvara han mot å omfamna henne som kone (konsumera ekteskapet[5]) om han ønskte å nokon gong venda tilbake til Russland. Tsaren viste Sadko eit utval av 900 (eller 300) ungjenter, og Sadko valde Tsjernava (diminutiv Tsjernavusjka), som opptredde sist.[6] Dei to blir gifte, men Sadko omfamna ikkje brura si på bryllaupsnatta, og neste dag vakna han opp i heimbyen sin, saman med menneskekona si igjen.[1][3]

Tsjernava blir forklart som ei nymfe for elva Tsjernava.[7] I Arthur Ransome sin versjon frå Old Peter's Russian tales (1916) er den yngste dottera til havtsaren Volkhov, som også er namnet på elva Sadko alltid har elska.[2]

Tolkingar endre

Soga er blitt tolka av fleire forfattarar og komponistar. Ho fekk særleg merksemd på 1800-talet med veksten av den slavofile rørla. Aleksej Tolstoj (1871–1872) skreiv diktet «Sadko»[8] og Nikolaj Rimskij-Korsakov komponerte både det musikalske tablået Sadko og operaren Sadko (1898), som han sjølv skreiv mykje av librettoen for.

Soga er gjenfortald på eller omsett til engelsk av Arthur Ransome i Old Peter's Russian tales (1916),[2] Kate Blakey som «Sadko, the Rich Merchant Guest» i Slavonic Review (1924)[1] og ein bylinaversjon samla av P.N. Rybnikov er omsett av James Bailey.[3]

I 1953 regisserte Aleksandr Ptusjko ein film basert på operaen, Sadko.[9]

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. Ilmensjøen[1] eller Volkhovelva.[2]
  2. Eller tsar Morskoj, 'Hav-konge'.[1]
  3. I ein annan versjon blir Sadko fortald av havtsaren at han skal dra inn fiskenettet og finn ei kiste fylt med edeslteinar.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 (Blakey 1924) tr., "Sadko, the Rich Merchant Guest", pp. 57–62.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 (Ransome 1916) tr., "Sadko", pp. 29–42.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 (Bailey 2015) tr., "Sadko", pp. 293–306. From Rybnikov, P. N. (1990). Songs 2: No. 13. Singer A. P. Sorokin, residing near Lake Onega.
  4. Blakey 1924, s. 61, n2.
  5. 5,0 5,1 Bailey 2015, s. 295.
  6. Vald frå tre sett av 300 havfruer;[3] eller tre sett av 100 ungjenter.[1] I ein annan versjon er det eit val mellom berre 30 av døtrene til tsaren.[2]
  7. Blakey 1924, s. 61, n3.
  8. Bristol, Evelyn (1991). A History of Russian Poetry. Oxford University Press. p. 149. ISBN 0-19-504659-5.
  9. Naroditskaya, Inna (2012). Bewitching Russian Opera: The Tsarina from State to Stage. OUP USA Press. p. 3–4, 216ff. ISBN 0-195-34058-2.
Bibliografi
  • Blakey, Kate (June 1924), «Folk Tales of Ancient Russia. (Byliny of Lord Novgorod the Great)», The Slavonic Review 3: 52–62, JSTOR 4201809 
  • Ransome, Arthur, red. (1916). «Sadko». Old Peter's Russian tales. Dmitri Mitrokhin (illustr.). London, New York: Thomas Nelson and sons. s. 29–42. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sadko
 

Originaltekst av Sadko ved Wikisource.