Saggrenda er eit tettbygd område i Kongsberg kommune, ein snau mils veg vest for sentrum av Kongsberg.

I Saggrenda ligg mellom anna turistattraksjonen Kongens Gruve, ei av fleire nedlagde sølvgruver i Kongsbergområdet som høyrde til Kongsberg Sølvverk, som var i drift fram til 1958. Gruva er no museum som publikum kan vitje ved å verte med eit gruvetog 2,3 kilometer inn i berget. Det er Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg som har ansvaret for gruva.

Det tidlegare danske Astmahjemmet, eit sanatorium som den danske Raudekrossen dreiv i perioden frå 1949 til 1979 for danske barn som hadde astma, låg òg i Saggrenda. Bygningen er no teke i bruk til anna føremål.

Saggrenda hadde òg ein statleg skogskule som hadde elevar frå heile Noreg. Skulen har i dag vorte til Saggrenda Naturbruk og Byggfagsenter, som er ei avdeling under den fylkeskommunale Kongsberg videregående skole, og gjev opplæring i fag som har med skog, utmark, friluftsliv, jakt, fiske, natur og miljø å gjere. Det er oppretta samarbeid med andre nordiske og baltiske naturbruksskuler, mellom anna om elevutveksling. Her er dessutan eit internat med tilbod til alle elevar ved Kongsberg videregående skole som elles ville ha hatt lang reiseveg mellom skulen og heimen.

KjelderEndra