Statens skogskole

Statens skogskole var ein skole som tok sikte på å utdanne skogteknikarar for å rekruttere funksjonærar til det offentlege og det private skogbruket.

Staten hadde skogskolar i Kongsberg, Bygland, Evenstad, Steinkjer og Osen. Oppland fylke hadde skogskole i Brandbu. Skolane kombinerte praktisk og teoretisk undervisning. Då Norges Landbrukshøgskole vart etablert på Ås, vart det bestemt at skogskolane dessutan skulle vere forskolar for skogutdanninga ved landbrukshøgskolen. Sidan vart skogskolen på Kongsberg spesialisert som forkurs til landbrukshøgskolen. Dette forkurset vart nedlagt i 2000. På slutten av 1980-talet vart dei andre skogskolane integrerte i distriktshøgskolane. Skolane vart likevel oppretthaldne som eigne undervisningsstader, men rundt år 2000 vart skogutdanninga nedlagt på dei fleste av dei gamle skogskolane.

I dag gir Høgskolen i Hedmark høgskoleutdanning i skog- og utmarksfag på Evenstad.

Staten hadde òg praktiske skogskolar, statens yrkesskole for skogbruk, på Sønsterud og Saggrenda ved Kongsberg. Desse skolane er overtatt av fylkeskommunane.

På nettet:

endre

Andre kjelder:

endre