Saksenebbar

fugleslekt

Saksenebbar Rynchops, er biologisk slekt av tre artar terneliknande fuglar i måsefamilien, Laridae. Slekta består av amerikasaksenebb, afrikasaksenebb og indiasaksenebb, funnen i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia høvesvis.

Saksenebbar
Amerikasaksenebb Rynchops niger
Amerikasaksenebb Rynchops niger
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Saksenebbar Rynchops
Linnaeus, 1758

Dette er dei einaste fugleartane med ei særprega ulik lengd mellom overnebb og undernebb, kor undernebbet er lengst. Denne frapperande tilpassinga tillèt saksenebbane å fiske på ein eineståande måte. Dei flyg lågt og fort over vatnet med undernebbet ned i overflata klar til å lukke nebbet over småfisk som ikkje kjem seg unna. Dette er dei einaste fuglane kjent for å ha pupillar som snevrar seg i ein vertikal spalte. Saksenebbar flokkar seg i lufta og kviler ved elvebankar og på kystnære sandbankar.

Saksenebbar legg 3-6 egg på sandstrender. Hoa rugar egga. På grunn av at artane har avgrensa hekkehabitat er dei sårbare for uroingar på hekkestadene. Ein art, indiasaksenebb, er lista som sårbar av IUCN grunna dette, samt av øydelegging og nedbrytning av innsjøar og elvar kor fuglane plar finne føde.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre