Opna hovudmenyen
Terner


Hinduterne Sterna paradisaea
Hinduterne Sterna paradisaea

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae

Terner er eit utval av slektene i måsefamilien, Laridae. Ternene er slanke fuglar med lange venger og kløfta hale. Dei fleste lever ved kysten, på havet, andre i innlandet ved elvar og innsjøar. Terner finst utbreidd over heile verda med til saman 44 artar i 12 slekter. I nyare biologiske systematikk finn ein ofte ternene som ein medlem av eller underfamilie Sterninae av måsefamilien, Laridae.[1] Terner kan elles vere klassifiserte som ein sjølvstendig biologisk familie, ternefamilien, Sternidae.[2]

Innhaldsliste

SkildringEndra

 
Dvergterne, Sternula albifrons
Foto: JJ Harrison
 
Alveterne, Sternula nereis
Foto: Drew Avery
 
Langnebbterne, Thalasseus elegans
Foto: Kevin Cole
 
Inkaterne, Larosterna inca
Foto: Cristóbal Alvarado Minic

Mange terneartar som hekkar i tempererte soner er har lange trekkruter, mykje sannsynleg ser raudnebbterna meir dagslys enn nokon annan skapning, ettersom ho vandrar frå oppvekststader nord mot Arktis sør til Antarktis. Ein unge av raudnebbterne som blei ringmerka på Farne-øyane utanfor Nordaust-England sommaren 1982, nådde Melbourne i Australia i oktober same året, etter ei flyging på over 22 000 km over hav på berre tre månader. I gjennomsnitt er det 240 km per dag, og ei av dei lengste reisene som er registrert for nokon fugl.

Terner har kvit eller grå fjørdrakt, ofte med svart hette på hovudet. Dei har tynt, langt nebb og slankare og meir straumlinjeforma kroppsform enn måsar. Med lange halefjør og lange venger ser dei elegante ut i flukt. Terner i slekta Sterna har djupt gaffeldelte halar, i Chlidonias og inkaterne har mindre gaffeldelte halar, medan noddyar i slektene Anous, Procelsterna og Gygis har meir taggforma hale, dei midtytste halefjørene er dei lengste, ikkje dei sentrale eller dei ytste. Terner varierer i storleik frå dvergterne på 42 gram og 23 cm, til rovterne på 630 g og 53 cm.

Dei fleste terner, Sterna og noddyer, fangstar fisk ved stupdykking. Terner med våtmarkshabitat, Chlidonias, plukkar insekt frå overflata av ferskvatn. Terner har sjeldan glideflukt, men nokre få artar, og då spesielt sotterne, kan sveve høgt over havet. Terner sym sjeldan, jamvel om dei har symjehud på føtene, om dei då ikkje badar.

Terner hekkar i store, tettpakka koloniar. Reiret kan vere ei grop i bakken eller i sparsam samling av kvistar og flytande vegetasjon. Terner har generelt høg levealder til fuglar å vere, ein veit no at fleire artar kan leve i overkant av 25-30 år.

Artsliste ternerEndra

Terner og noddyar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Anous

  • Brunnoddy, Anous stolidus, Brown Noddy, Linné, 1758, (LC)
  • Svartnoddy, Anous minutus, Black Noddy, Boie, 1844, (LC)
  • Smånoddy, Anous tenuirostris, Lesser Noddy, Temminck, 1823, (LC)
  • Grånoddy, Anous albivitta, Gray Noddy, Bonaparte, 1856, (LC)
  • Blånoddy, Anous ceruleus, Blue-gray Noddy, Bennett, 1840, (LC)

Slekt Gygis

  • Silketerne, Gygis alba, White Tern, Sparrman, 1786, (LC)

Slekt Onychoprion

  • Sotterne, Onychoprion fuscatus, Sooty Tern, Linné, 1766, (LC)
  • Polynesiaterne, Onychoprion lunatus, Gray-backed Tern, Peale, 1849, (LC)
  • Tygleterne, Onychoprion anaethetus, Bridled Tern, Scopoli, 1786, (LC)
  • Beringterne, Onychoprion aleuticus, Aleutian Tern, Baird, 1869, (VU)

Slekt Sternula

  • Dvergterne, Sternula albifrons, Little Tern, Pallas, 1764, (LC)
  • Amerikadvergterne, Sternula antillarum, Least Tern, Lesson, 1847, (LC)
  • Amazondvergterne, Sternula superciliaris, Yellow-billed Tern, Vieillot, 1819, (LC)
  • Alveterne, Sternula nereis, Australian Fairy Tern, Gould, 1843, (VU)
  • Perudvergterne, Sternula lorata, Peruvian Tern, Philippi & Landbeck, 1861, (EN)
  • Arabardvergterne, Sternula saundersi, Saunders's Tern, Hume, 1877, (LC)
  • Benguelaterne, Sternula balaenarum, Damara Tern, Strickland, 1853, (VU)

Slekt Phaetusa

  • Tjukknebbterne, Phaetusa simplex, Large-billed Tern, Gmelin, 1789, (LC)

Slekt Gelochelidon

  • Sandterne, Gelochelidon nilotica, Gull-billed Tern, Gmelin, 1789, (LC)

Slekt Hydroprogne

  • Rovterne, Hydroprogne caspia, Caspian Tern, Pallas, 1770, (LC)

Slekt Larosterna

  • Inkaterne, Larosterna inca, Inca Tern, Lesson & Garnot, 1827, (NT)

Slekt Chlidonias

  • Svartterne, Chlidonias niger, Black Tern, Linné, 1758, (LC)
  • Kvitvengsvartterne, Chlidonias leucopterus, White-winged Tern, Temminck, 1815, (LC)
  • Kvitkinnsvartterne, Chlidonias hybrida, Whiskered Tern, Pallas, 1811, (LC)
  • Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern, Gray, 1845, (EN)

Slekt Sterna

  • Rosenterne, Sterna dougallii, Roseate Tern, Montagu, 1813, (LC)
  • Nyzealandterne, Sterna striata, White-fronted Tern, Gmelin, 1789, (LC)
  • Svartnakketerne, Sterna sumatrana, Black-naped Tern, Raffles, 1822, (LC)
  • Makrellterne, Sterna hirundo, Common Tern, Linné, 1758, (LC)
  • Raudnebbterne, Sterna paradisaea, Arctic Tern, Pontoppidan, 1763, (LC)
  • Svaleterne, Sterna hirundinacea, South American Tern, Lesson, 1831, (LC)
  • Sørhavsterne, Sterna vittata, Antarctic Tern, Gmelin, 1789, (LC)
  • Prærieterne, Sterna forsteri, Forster's Tern, Nuttall, 1834, (LC)
  • Svartøyreterne, Sterna trudeaui, Snowy-crowned Tern, Audubon, 1838, (LC)
  • Svartbukterne, Sterna acuticauda, Black-bellied Tern, Gray, 1831, (EN)
  • Flodterne, Sterna aurantia, River Tern, Gray, 1831, (NT)
  • Kvitkinnterne, Sterna repressa, White-cheeked Tern, Hartert, 1916, (LC)
  • Kerguelenterne, Sterna virgata, Kerguelen Tern, Cabanis, 1875, (NT)

Slekt Thalasseus

  • Kongeterne, Thalasseus maximus, Royal Tern, Boddaert, 1783, (LC)
  • Hinduterne, Thalasseus bergii, Great Crested Tern, Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Splitterne, Thalasseus sandvicensis, Sandwich Tern, Latham, 1787, (LC)
  • Langnebbterne, Thalasseus elegans, Elegant Tern, Gambel, 1849, (NT)
  • Bengalterne, Thalasseus bengalensis, Lesser Crested Tern, Lesson, 1831, (LC)
  • Kinaterne, Thalasseus bernsteini, Chinese Crested Tern, Schlegel, 1863, (CR)

Raudnebbterne og makrellterne er vanlege hekkefuglar i Noreg medan dvergterne, splitterne og rovterne har hekka sporadisk.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Til dømes i Biology of Marine Birds, side 74
  2. I Gyldendals store fugleguide side 184 er eit døme.
  3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Terner