Tundravier
Tundravier (Salix arctica) er ein krypande markbusk i vierfamilien som blir opptil 10 centimeter høg. Han veks i Arktis, inklusive Island, Svalbard og Færøyane. Planten føretrekk fuktig jord, hei, grusbakkar, frodig tundra, grusryggar eller bekkekantar. Tundravier dannar neppe hybridar eller variantar.
Tundravier | |
Tundravierhann | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vierfamilien Salicaceae |
Slekt: | Vierslekta Salix |
Art: | Tundravier S. arctica |
Vitskapleg namn | |
Salix arctica |
Skildring
endreTundravier er ein krypande, svært låg busk, som elles er morfologisk ganske lik sølvvier, men manglar dei loddentjukke håra på årskvistane. Han har gråbrun til mørkebrun bork og ligg krypande langs bakken med blotta, knortete og krokete kvistar og bladoverplater. Blada er lansettforma, butta eller berre moderat spisse i begge endar, og 2–7 cm lange. Bladskivene er mørkegrøne oppå og litt glatte med noko hår, medan bladstilken er raud til liks med midtnerven til bladet. Øyreblada er små eller heilt fråverande. Blomstringa finn stad i juli-august.
Raklane er inntil 8 cm lange og relativt snaue. Dei står på 1–5 cm lange, hårete skaft med 3-4 blad på. Raklane er brune og butta, kapslane er inntil 1 cm lange og av ulik farge, grøn-gråskjær med brunt eller raudt. Kapselen er tett hårete, og skafta kapselen står på er svært kort med raudt arr. Raklane er iaugefallande og gjer ein illusjon av raud-kvite, oppståande «blomstrar».
Utbreiing
endreTundravier veks på Grønland, Island, Færøyane og på sentral-sørlege Svalbard mellom anna rundt Isfjorden. Han veks òg i store delar av Canada, i Alaska og Washington i USA, i Russland og i Xinjiang i Kina.[1]
Bruk
endreNordvest på Grønland har rotbork, blad og modne horaklar vore brukte som tilskot i kosten.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Salix arctica Pall. GRIN-Global», npgsweb.ars-grin.gov, henta 11. juni 2023
- ↑ Gamle norske matplanter. Oslo: I kommisjon hos J. Dybwad. s. 4.
- Denne artikkelen bygger på «Tundravier» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2023.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk rei.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Tundravier hos Artsdatabanken
- (en) Tundravier i Encyclopedia of Life
- (en) Tundravier i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Tundravier hos Dyntaxa
- (en) Tundravier hos ITIS
- (en) Tundravier hos NCBI
- (en) Tundravier hos The International Plant Names Index
- (en) Tundravier hos Tropicos
- (en) Kategori:Salix arctica – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Salix arctica – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Salix arctica – detaljert informasjon på Wikispecies