Sally Kipyego
Sally Jepkosgei Kipyego (fødd 19. desember 1985) er ein kenyansk langdistanseløpar som sidan 2017 representerer USA. Ho vann sølvmedaljen på 10 000 meter både ved Friidretts-VM 2011 og Sommar-OL 2012.
Sally Kipyego | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 19. desember 1985 (39 år) Kapsowar |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – 5 000 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 10 000 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Maraton kvinner, VM i friidrett 2011 – 10 000 meter damer, VM i friidrett 2015 – 10 000 meter damer, 2001 IAAF World Cross Country Championships – junior women's race, 2016 New York City Marathon – women's marathon, 2019 Berlin Marathon – women's marathon |
Utmerkingar | Honda Sports Award for Cross Country |
Aktiv
endre10 000-meteren for kvinner under VM i friidrett 2011 i Daegu handla stort sett om dei kenyanske løparane. Over mål kom alle fire føre etiopiske Meselech Melkamu, den einaste utøvaren som fylgde med på sisterunda. Kipyego var på si side den einaste som truga sigeren til gullvinnar Vivian Cheruiyot. Mindre enn to veker seinare, den 8. september i Zürich, presterte Kipyego 14.30,4 og livsbeste på 5 000 meter. I milløpet under London-OL 2012 sprang ho inn til sølv og personbeste på tida 30.26,3 og plassen framom Cheruiyot, begge var dei sjanselause i avslutninga mot Tirunesh Dibaba frå Etiopia. Ei veke etter enda Kipyego sist av dei fire som var med om å spurte om OL-medalje på 5 000 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sally Kipyego» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2022.
- «Sally Kipyego» (på engelsk). Olympedia. Henta 9. april 2023.