Salomobassenga (arabisk بركة السلطان سليمان القانوني, Birkat as-Sultan Suleiman al-Kanuni; hebraisk skrift בריכות שלמה, Breichot Shlomo) ligg sør på det sentrale Vestbreidda, like sør for den palestinske landsbyen al-Khader og kring 5 km sørvest for Betlehem.

Salomobassenga
reservoar
Salomobassenga i 1981
Land  Dei palestinske territoria
Region Vestbreidda
Stad nær landsbyen al-Khader
 - koordinatar 31°41′20.37″N 35°10′11.35″E / 31.6889917°N 35.1698194°E / 31.6889917; 35.1698194
Kart
Salomobassenga
31°41′20″N 35°10′11″E / 31.68899167°N 35.16981944°E / 31.68899167; 35.16981944
Kart som viser Salomobassenga.
Kart som viser Salomobassenga.
Kart som viser Salomobassenga.
Wikimedia Commons: Solomon's Pools

Skildring

endre
 
Det nedre bassenget i 2013
 
Inne i ei romersk akvedukt frå Salomobassenga til Jerusalem.

Bassenga består av tre opne cisterner, kvar rettlinja basseng med eit 6 meter fall til det neste. Dei får vatn frå ei undergrunnskjelde. Kvart basseng er over 100 meter langt, 65 meter breie og 10 meter djupe og har ein samla vasskapasitet på 200 millionar liter. Bassenga har derfor spelt ei viktig rolle for vassforsyninga i området i mange hundreår.

Bassenga har blitt knytt til den velståande tida til kong Salomo (950 fvt.) som nemnt i Predikernes bok. Kong Salomo, som nemnt i Bibelen, laga desse bassenga for konene sine, som han visstnok hadde tusen av, så dei kunne bade der.

Desse bassenga var ein del av vassforsyninga til Jerusalem i oldtida. Dei vart reparerte av Pontius Pilatus. Herodes den store (30 fvt.) fekk ført vatn frå bassenga via akvedukter til Herodion og truleg òg til Jerusalem. Under tyrkarane vart vatn frå desse bassenga ført til Jerusalem i fire tommar tjukke røyr lagt i 1902. Under det andre bassenget er ein pumpestasjon som førte vatnet til gamlebyen i Jerusalem. Desse røyra erstatta dei to eldgamle akveduktane. Det er ingen tvil om at dei både romarane og sarasenarane brukte dei og det er mogeleg at romarane forstørra reservoara eller restaurerte dei. I dag vert vatnet berre brukt av innbyggjarane som bur like ved.

Kjelder

endre

Sawsan and Qustandi Shomali. A Guide to Betlehem and its Surroundings. Flamm Druck, Wagener GMBH, Waldbrol