Ammianus Marcellinus

romersk historikar

Ammianus Marcellinus (fødd 325/330, død etter 391) var ein romersk soldat og historikar300-talet. Han forfatta den nest siste betydelege historiske nedskrifta som overlevde frå antikken (den siste var av Prokopios). Det latinske verket hans Res Gestae skreiv ned historia til Romarriket som ei krønike frå 96 til 379, men berre seksjonane frå perioden 353–378 finst att.[1] Verket er i høg grad rekna som ei påliteleg kjelde. Ammianus er den siste heidenske (ikkje-kristne) romerske historikaren.[2]

Ammianus Marcellinus

Nasjonalitet Romersk
Statsborgarskap Romarriket
Fødd 330
Antiokia
Død

ein gong etter 391
Roma

Yrke historikar, skribent, militær, lyrikar
Språk Latin, gresk
Periode 300-talet
Sjanger Historie
Religion polyteisme
Ammianus Marcellinus på Commons

Liv endre

Ammianus var fødd ein gong mellom 325 og 330 i den gresktalande austlege delen av Romarriket,[3][4] moglegvis ved Antiokia ved Orontes.[5] Bøkene av historieverka hans som er att, Res Gestae, dekkjer åra 353 til 378.[6] Ammianus tenestegjorde som soldat i hæren til Konstantius II (og moglegvis òg Julian) i Gallia og Persia.

 
Illustrasjon av slaget ved Amida i Res Gestae frå 1693.
 
Konstantius II i ein illustrasjon til Res Gestae frå 1693.

Han var «ein tidlegare soldat og grekar» (miles quondam et graecus),[7] fortel han sjølv, og det at han er innskriven i eliteavdelinga protectores domestici (hushaldsstyrkane) viser at han var av høg byrd. Han gjekk inn i hæren i ung alder då Konstantius II var keisar i Austromarriket, og blei send for å tenestegjera under Ursicinus, guvernør av Nisibis i Mesopotamia (i dag ein by i sørlege Tyrkia), og magister militum (general).

Han drog tilbake til Italia med Ursicinus då han blei tilkalla av Konstantius II, og følgde han på hærtokt mot den romerske generalen Claudius Silvanus i Gallia som skal ha blitt tvinga, etter urettferdige skuldingar frå fiendane sine, til å utropa seg sjølv som keisar. Med Ursicinus drog Ammianus to gonger i krigen i aust. Ved eit høve blei han skild frå Ursicinus og søkte tilflukt i Amida under kringsetjinga av byen i 359, som då var under angrep frå sasanidekongen i Irak, Sjahpur II. Ammianus klarte så vidt å berga seg.[8] Då Ursicinus mista stillinga si og godviljen til Konstantius, verker det som om Ammianus følgde han i fallet, men under Julian, Konstantius sin etterfølgjar, fekk Ammianus attende posisjonen sin. Han følgde denne keisaren, som han uttrykte entusiastisk beundring for, i krigane hans mot alamannarane og sasanidene. Etter at keisaren døydde deltok han i tilbaketrekkinga til den nye keisaren Jovian så langt som til Antiokia. Han budde enno i Antiokia i 372 då ein Theodorus skulle ha blitt identifisert som ny keisar etter Valens gjennom guddommelege teikn. Marcellinus skal ha vore augevitne til at Theodorus og mange av støttespelarane hans tilstod bedrageri etter tortur, og blei hardt straffa.

Marcellinus var sjølv heidning, men som mange heidenske intellektuelle var han hovudsakleg tolerant i høve til kristne.[9] Han prisa den religiøse toleransen som blei praktisert av den kristne keisaren Valentinian I, og nemner sjølv «den enkle og oppriktige trua til dei kristne» som praktiserer «berre rettferd og nåde», men merkar seg at kristne er nådeløse mot kvarandre: «ingen ville dyr er slike farlege fiendar for menneske som kristne er for kvarandre.»[10] Han har òg blitt omtalt som «den einsame historikaren», ein heidensk gresk historikar som skreiv på latin mot slutten av 300-talet i ei offisielt kristen verd.[2] Mellom han og Tacitus tre hundreår tidlegare strekkjer det seg «ein historiografisk ørken».[2]

Forfattarskap endre

 
Obeliskar i ein illustrasjon til Res Gestae frå 1693.

I Roma skreiv Marcellinus historia til Romarriket historie frå Nerva blei keisar i 96 og fram til Valens døydde i slaget ved Adrianopel i 378.[11] I praksis vidareførte han historia til Tacitus. Ein går ut frå at han fullførte verket sitt før 391, ettersom han ved 22.16 .12 prisar tempelet Serapeum i Egypt som ein romersk stordom. Dette tempelet blei øydelagt av kristne mot slutten av dette året. Res Gestae (Rerum gestarum Libri XXXI) var opphavleg på 31 bøker, men dei første 13 er gått tapt.[12] Dei 18 gjenståande bøker dekkjer perioden frå 353 til 378. Som heilskap har verket blitt rekna som særs verdifullt ved å vera ein klar, samanhengande og generelt upartisk framstiling av hendingane slik dei blei opplevde og vurderte av ein samtidig. Som så mange andre antikke historikarar hadde også Ammianus ein sterk politisk og religiøs agenda som han følgde, og sette Konstantius II opp som kontrast til Julian, der den førstnevnte ikkje kom godt ut. Som alle antikke forfattarar var han også dugeleg i retorikk, og det viser att i verket hans.

Dei talrike skildringane av slagscener er ei merkeleg blanding av episke klisjear der elver renn med blod og piler formørker himmelen.[13] Han er òg glad i å samanlikna med dyr: Gallus måtte trekkja seg tilbake «som ein slange såra av eit spyd...», skriv han ein stad, og ein annan stad er Gallus er «som ei løve som har smakt menneskekjøt...»[14]

Kritikk og vurdering endre

Den britiske historikaren Edward Gibbon rekna Ammianus som «ein nøyaktig og påliteleg rettleiar som skreiv historia om si eiga tid utan å gje seg til fordomar og lidenskap som vanlegvis påverkar sinnet til ein samtidig.»[15] Men han fordømde òg Ammianus for mangel på litterær teft: «Den grove og ukjennelige pennen til Ammianus har skissert dei blodige figurane hans med langtekkelige og avskyelig grannsemd.»[16] Den austerrikske historikaren Ernst Stein lovpriste derimot Ammianus som «det største litterære geniet som verda har frambrakt [i tida] mellom Tacitus og Dante[17]

I følgje den amerikanske militærhistorikaren Kimberly Kagan framhevar slagskildringane hans røynsla til soldatane, men på kostnad av at han mister det større bildet av syne. Dermed er det vanskeleg for lesaren å forstå kvifor slaga han skildrar fekk det resultatet som dei fekk.[18]

Forskarar har ofte gått ut frå at Ammianus sitt verk hadde som føremål å bli lese opp offentleg av to grunnar: dei mange nøyaktige clausulæ (retorisk verkemiddel) i det, og epistel 1062 av Libanios til ein Marcellinus i Roma som viser til offentlege resitasjonar. Likevel hadde bortimot alle betydelege gresk og latinsk prosaverk slike clausulæ, og ein del forskarar har avvist identifiseringa av Libanios sin «Marcellinus» med Ammianus Marcellinus sidan Marcellinus i seg sjølv var eit ganske vanleg namn, og tonen i brevet antyder at Libanius adresserte ein langt yngre mann enn seg sjølv (Ammianus var ein samtidig). Det er eit påfallande faktum at Ammianus, sjølv om han var ein profesjonell soldat, gjev eit utmerka bilete av sosiale og økonomiske problem og hans haldning i høve til ikkje-romerske folk i riket, er han langt meir vidsynt og tolerant enn forfattarar som til dømes Titus Livius og Tacitus. Dei mange digresjonane hans om dei ulike landa han vitja, om enn sidespor i den store forteljinga, er i seg sjølv av særleg interesse.

Verket til Ammianus inneheld ei detaljert skildring av tsunamien i Alexandria grunna eit jordskjelv utanfor Kreta som øydela storbyen og kystane langs den austlege delen av Middelhavet den 21. juli 365. Rapporten hans skildrar med stor grannsemd dei karakteristiske sekvensane av eit jordskjelv, havet som trekkjer seg tilbake og deretter buldrar opp i ei valdsam flodbølgje.[19]

Verket hans har fått store skadar frå avskriftproduksjon av manuskript. Bortsett frå tapet av dei første 13 bøkene er dei gjenverande 18 mange stader øydelagde eller prega av hol i teksten (lacuna). Det einaste verna manuskriptet som bortimot alle andre er avleidd frå, er ein karolingisk tekst V frå 800-talet, produsert i Fulda i dagens Tyskland frå eit insulært eksemplar. Den einaste uavhengige tekstkjelda for Ammianus ligg i tekst M, ein annan frankisk kodeks frå 800-talet, men som beklagelegvis var uinnbunden og blei plassert i andre kodeksar i løpet av 1400-talet. Berre seks manuskriptblad av M har overlevd, likevel er den trykte utgåva av Gelenius (G) anteke å byggja på M, noko som gjer han til eit viktig vitne til teksttradisjon av Res Gestae.[20]

Kjelder endre

  1. Ramsay, William (1867): «Ammianus Marcellinus» i: William Smith: Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology 1. Boston: Little, Brown and Company. s. 142–144.
  2. 2,0 2,1 2,2 Burrow, John (2007): A History of Histories, Penguin, s. 157
  3. Shatzman, Israel; Avi-Yonah, Michael (1975): Illustrated Encyclopedia of the Classical World, Harper and Row, ISBN 0-06-010178-4, s.37
  4. Young, George Frederick (1916): East and West Through Fifteen Centuries: Being a General History from B.C. 44 to A.D. 1453, Longmans, Green and Co, s. 336
  5. – Matthews, J. (1989): The Roman Empire of Ammianus, s. 8. The possibility hinges on whether he was the recipient of a surviving letter to a Marcellinus from a contemporary, Libanius
  6. Kagan, Kimberly (2006 ): The Eye of Command, University of Michigan Press, s. 23.
  7. Ammianus, 31.16.9
  8. Kagan, Kimberly (2006): The Eye of Command, s. 29-30
  9. Treadgold, Warren T. (1997): A history of the Byzantine state and society. Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-2630-6, s. 133f
  10. Burrow, John (2007): A History of Histories, Penguin, s. 165
  11. Kagan, Kimberly (2006): The Eye of Command, s. 22
  12. Historikeren T.D. Barnes har argumentert for at det var faktisk 36 bøker, hvilket innebærer at 18 bøker har gått tapt.
  13. Burrow, John (2007): A History of Histories, Penguin, s. 163
  14. Burrow, John (2007): A History of Histories, Penguin, s. 161
  15. Gibbon, Edward (1776–89 ): The History of the Decline and Fall of the Roman Empire, kapittel 26.5. Sitat: «an accurate and faithful guide, who composed the history of his own times without indulging the prejudices and passions which usually affect the mind of a contemporary»
  16. Gibbon, Edward (1776–89 ): The History of the Decline and Fall of the Roman Empire, kapittel 25. Sitat: «The coarse and undistinguishing pencil of Ammianus has delineated his bloody figures with tedious and disgusting accuracy.»
  17. Stein, Ernst (1928): Geschichte des spätrömischen Reiches, Wien.
  18. Kagan, Kimberly (2006): The Eye of Command, s. 27–29
  19. Kelly, G. (2004): «Ammianus and the Great Tsunami» i: The Journal of Roman Studies 94: 141–167. doi:10.2307/4135013. JSTOR 4135013.
  20. Clark (1904), Text Tradition.

Litteratur endre

  • Seyfarth, Wolfgang (1978): Rerum gestarum libri qui supersunt (i 2 bind). Leipzig: Teubner.
  • Hamilton, Walter (1986, oms.): The Later Roman Empire (AD 354–378). Penguin Classics,.
  • Barnes, Timothy D. (1998): Ammianus Marcellinus and the Representation of Historical Reality (Cornell Studies in Classical Philology). Ithaca, NY: Cornell University Press, (hardcover, ISBN 0-8014-3526-9).
  • Burrow, John (2007): A History of Histories, Penguin, ISBN 978-0-14028-379-2
  • Clark, Charles Upson (1904): The Text Tradition of Ammianus Marcellinus. Ph.D. Diss. Yale.
  • Crump, Gary A. (1975): Ammianus Marcellinus as a military historian. Steiner, ISBN 3-515-01984-7
  • Drijvers, Jan & Hunt, David (1999): Late Roman World and its Historian. Routledge, ISBN 0-415-20271-X
  • Kelly, Gavin (2008): Ammianus Marcellinus: The Allusive Historian. Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-84299-0
  • Kagan, Kimberly (2006 ): The Eye of Command, University of Michigan Press
  • Matthews, J. (1989): The Roman Empire of Ammianus. Johns Hopkins University Press.
  • Rowell, Henry Thompson (1964): Ammianus Marcellinus, soldier-historian of the late Roman Empire. University of Cincinnati.
  • Sabbah, Guy (1978): La Méthode d'Ammien Marcellin. Paris: Les Belles Lettres.
  • Seager, Robin (1986): Ammianus Marcellinus: Seven Studies in His Language and Thought. Univ of Missouri Pr, ISBN 0-8262-0495-3
  • Thompson, E.A. (1947): The Historical Work of Ammianus Marcellinus. London: Cambridge University Press.

Bakgrunnsstoff endre