Sambarhjort

pattedyrart

Sambarhjort (Rusa unicolor) er eit stort hjortedyr som finst på Sør- og i Søraust-Asia, inkludert på øyene Sri Lanka, Borneo, Sumatra og Hainan.[1]

Sambarhjort
Sambarhjort
Sambarhjort
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av sambarhjort
Utbreiinga av sambarhjort
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Slekt: Rusa
Art: Sambarhjort R. unicolor
Vitskapleg namn
Rusa unicolor

Sambarhjorten er eit stort dyr som typisk veg 100–350 kg (dyr på opp mot 546 kg har blitt registrert) og har ei skulderhøgd på 102–160 cm. Berre elg og wapiti blir større blant hjortedyra. Hannane, som ber gevir, er større enn hoene. Vestlege individ er også jamnt større enn austlege.

Dyr som jaktar på sambarhjort er mellom anna brølekattar og asiatisk villhund.

Kjelder

endre
  1. Timmins, R.J., Steinmetz, R., Sagar Baral, H., Samba Kumar, N., Duckworth, J.W., Anwarul Islam, Md., Giman, B., Hedges, S., Lynam, A.J., Fellowes, J., Chan, B.P.L. & Evans, T. 2008. Rusa unicolor. In: IUCN 2013. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2013.1. Besøkt 2013-09-04.
  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.