Samson Toresson Stueland

Samson Toresson Stueland (15. desember 179828. februar 1879) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Kvinnherad.

Samson Toresson Stueland
Fødd15. desember 1798
Kvinnherad kommune
Død28. februar 1879 (80 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1836–1838)
  • ordførar i Kvinnherad
  • vararepresentant til Stortinget (1839–1841)
  • vararepresentant til Stortinget (1842–1844) Sjå dette på Wikidata

Stueland var i yngre år skulehaldar, tok så over farsgarden og dreiv denne. Han dreiv elles med rosemåling og han dikta songar og salmar, gav i 1824 ut heftet Enfoldige Sange. Stueland kom med i det fyrste heradsstyret i Kvinnherad, og var medlem av heradsstyret 1838-58, ei tid ordførar. Valmann 1833-58. Stueland var haugianar, og i 1842 til stades ved skipinga av Det Norske Misjonsselskap. Seinare same året danna han i heimbygda lokallag for misjonsselskapet. I 1864 var han den leiande då det vart skipa ei indremisjons-«fællesforeing» for Sunnhordland, Hardanger og Voss.[1]

Han var 4. representant frå Søndre Bergenhus amtStortinget 1836, medlem av kyrkjekomiteen, og av omframstortinget 1836-37.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Norsk Allkunnebok, X. bandet. 1965.
Notar
  1. Atle Døssland: Føresetnadene for eit kristeleg politisk parti i Hordaland i 1933 i Syn og Segn 1/76