Samuel Massie (fødd i 1992 i Bergen) er ein norsk-engelsk eventyrar, foredragshaldar, programleiar, forfattar og offentleg debattant, som mellom anna er kjend for ekspedisjonane sine og engasjement i sosiale debattar.

Ekspedisjonar endre

Massie vart på ordentleg kjende for det norske folket i 2011, då han deltok på Berserk-ekspedisjonen til Antarktis saman med kapteinen Jarle Andhøy og tre andre skipskameratar. Målet var å nå sørpolen og heidra Roald Amundsen 100 år etter han først erobra sørpolen. Seilaset fekk eit tragisk utfall då skuta vart meld sakna. Massie saman med 4 andre vart melde omkomne, men det kom seinare fram at han og ekspedisjonsleiar var i live, men dei gjenverande tre mannskapsmedlemmene forsvann sporlaust i Sørishavet. Båten og mannskapet har aldri vorte funne.[1]

I 2012 segla han tilbake til Antarktis for å søkja etter spor frå seglbåten, Berserk, der dei mellom anna vart prøvde stoppa av tre marinefartøy og to søkjefly, utsendt av newzealandske styresmakter, men gjennomførte likevel ekspedisjonen.[2][3] Ved retur til Chile vart mannskapet feilaktig fengsla med mistanke om kidnapping og menneskesmugling av maorihøvdingen Busby Noble, men vart lauslate to veker seinare.[4] Det har seinare vore fleire rettssaker heime i Noreg og dessutan bøter som har vorte iførte ekspedisjonsleiaren. Det er også stilt spørsmål og komme fleire teoriar ved kva det var som eigentleg skjedde med båten den 22 februar 2011, og innblandinga til det New Zealandsk marineskipet Wellington.[5]

I 2019 hadde han to ekspedisjonar til Antarktis der den første gjekk føre seg med båt til kysten av Antarktis saman med bestefar hans.

I vintersesongen 2019-2020 tok han seg igjen til Antarktis med mål om å fullføra ekspedisjonen som vart starta på i 2011, men denne gongen med fly. Endå ein gong vart Massie sakna då eitt av dei to flya som tok av frå Puna Arenas styrta og 38 menneske vart melde sakna i 2019 Chilean Air Force C-130 crash Seinare kom det fram at Massie var ombord i det andre flyet, og var ikkje ein av dei 38 som då vart meldt omkomne.

Forfattarskap endre

I 2014 gav han ut boka Hald fast! Dette er Samuel Massie´s personlege og sjølvbiografiske melding frå nokre skilsetjande og livsforandrande år i livet hans om korleis han gjekk frå å vera skuletapar og på kant med lova til å bli ein målretta polfarar 2 år seinare. Han tek også eit klart oppgjer med det såkalla diagnose-samfunnet og det tradisjonelle skulesystemet.

Boka har vorte teken inn i pensum på norske skular.[6]

Foredragshaldar endre

Som foredragshaldar han Massie delt livshistoriene og lærdommane sine frå ekspedisjonane sine og i livet elles. I perioden 2014–2020 heldt han over 1000 foredrag for skular og bedrifter i Noreg og Europa, med fokus på mellom anna personleg vekst, endringsleiing, ungdomsmotivasjon, psykisk helse, miljømedvit og helse hos eldre, for å nemna noko. Han vart også i 2017 med i lista over foredragshaldar for TEDx[7]

Etter reisene sine med bestefar sin har dei halde mange foredrag saman rundt om i Noreg, for alle aldersgrupper som handlar om "kunsten å leva" og resursen som finst hos eldre og relasjonar på tvers av generasjonar.

Sitt første TV program var i 2010 kvar han som problembarn skulle læra seg å meistra segling og natur med eitt år i nord norge. Det vart følgt opp med 2 TV seriar frå ekspedisjonane med seglbåten Berserk (2012) (2014) før han byrja å jobba i TV2.

Medan Samuel jobba som programleiar for Skal me dansa i 2016 fekk bestefar hans kreft. Det førte til at han avslutta arbeidet sitt med programmet og tok sin då 83år gamle bestefar med ut på ei verdsreise, for å fullføra draumane til den døyande bestefar sin før det var for seint. Dette førte dei til å kryssa blir fjella anda på ein 1947 Royal Enfield med bestefar i sidevogna. Eventyret vart seinare til fleire sesongar av serien Samuel og Bestefar, på TV2 der dei kryssa verda med motorsykkel, bubil og båt.

Mest kjende programma TV-programma med han: endre

Personleg liv endre

I 2010 gifta Massie (då 17år) seg med dottera til ein lokal stammehøvding på øya Papua New Guinea. I 2015 (då 23år) gifta han seg igjen, denne gongen i Noreg og skilde seg to år seinare.

I 2019 tiltrer han i rolla som medforskar på universitetet i Bergen. Sjølv om han er utan anna enn grunnskule utdanning vart han henta til stillinga for å forska på prosjektet "aktiv aldring" som hadde ei direkte kopling opp mot reisene og endringsreisa han hadde hatt med bestefar sin.[8]

I 2021 vart han utnemnd ved kongeleg resolusjon til å sitja i NOU med mandat for offentleg utval om folkehøgskulane, for å vurdera plassen til folkehøgskulen i samfunnet. Han har skrive fleire artiklar om utdanning og plassen til folkehøgskulen i samfunnet.[9]

Referansar endre

  1. Auestad, Gunn Evy (24. februar 2011). «Dette er dei sakna på «Berserk»». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2024. 
  2. «Norwegian's yacht sighted, then lost». NZ Herald (på engelsk). 21. februar 2024. Henta 20. februar 2024. 
  3. «Stuff». www.stuff.co.nz. Henta 20. februar 2024. 
  4. Nyfløt, Sigrid Moe, Hilda (3. april 2012). «Newzealandske myndigheter var bekymret for«Berserks» passløse «blindpassasjer»». dagbladet.no (på norsk). Henta 20. februar 2024. 
  5. Braverman, Blair (15. september 2017). «The Polar Expedition That Went Berserk». Outside Online (på engelsk). Henta 20. februar 2024. 
  6. «Samuel Massies "Hold fast!" - Norsk (SF vg1) - NDLA». ndla.no (på norsk). Henta 20. februar 2024. 
  7. «How a modern day polar explorer deals with the digital world | Samuel Massie | TEDxYouth@Oslo» (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2024. 
  8. «Samuel og bestefar blir medforskere». Universitetet i Bergen (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2024. 
  9. «NOU 2022: 16». Regjeringen.no (på norsk bokmål). 31. oktober 2022. Henta 20. februar 2024. 

[1] [2][3]

Kjelder endre

  1. Auestad, Gunn Evy (24. februar 2011). «Dette er dei sakna på «Berserk»». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2024. 
  2. «Norwegian's yacht sighted, then lost». NZ Herald (på engelsk). 21. februar 2024. Henta 20. februar 2024. 
  3. «Stuff». www.stuff.co.nz. Henta 20. februar 2024. 

[1] [2]

  1. Nyfløt, Sigrid Moe, Hilda (3. april 2012). «Newzealandske myndigheter var bekymret for«Berserks» passløse «blindpassasjer»». dagbladet.no (på norsk). Henta 20. februar 2024. 
  2. «Samuel Massies "Hold fast!" - Norsk (SF vg1) - NDLA». ndla.no (på norsk). Henta 20. februar 2024.