Sandeltre
Sandeltre
Sandeltre
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Santalales
Familie: Sandeltrefamilien Santalaceae
Slekt: Santalum
Art: Sandeltre S. album
Vitskapleg namn
Santalum album

Sandeltre eller kvitt sandeltre (Santalum album) er eit lite tropisk tre, og den tradisjonelle kjelda til sandeltreolje. Det høyrer heime i Sør-India og Søraust-Asia. Treet blir rekna som heilagt i nokre religionar, som hinduismen, og nokre kulturar legg stor vekt på dei duftande og medisinske eigenskapane det har. Den høge verdien av treet har ført til overutnytting, til eit punkt der den ville bestanden er sårbar for utrydding. Den eteriske olja til sandeltre kan framleis oppnå høge prisar på grunn av det høge alfa-santalol-innhaldet sitt, men på grunn av mangelen på store tre blir der ikkje lenger brukt til fint trearbeid som før. Planten har lang levetid, men det tek mange år før han kan haustast.

Namn endre

 
Grein av sandeltre på Taiwan.

Namnet «sandeltre» er avleidd frå sanskrit चन्दनं, chandanam, som tyder 'tre for å brenna røykjelse'.[1]

Det latinske namnet S. album viser til den lyse fargen på kjerneveden. Det vitskapleg namnet Santalum ovatum blei brukt om arten av Robert Brown i Prodromus Florae Novae Hollandiae (1810), og blei omtalt som eit synonym for arten av Alex George i 1984.[2]

Sandeltre er ein del sandeltreslekta i sandeltrefamilien.[3] Namnet «sandeltre» blir også brukt om liknande treslag, som raudt sandeltre (Pterocarpus santalinus), australske Myoporum platycarpum, afrikanske Osyris tenuifolia og karibiske Amyris balsamifera i rutefamilien.[4] Andre artar i slekta Santalum, som S. spicatum, blir også omtalt som ekte sandeltre, for å skilja dei frå tre med liknande lukt på trevirket eller olja.

Skildring endre

 
Blomar i Hyderabad i India.

Sandeltre er eviggrønt og kan blir 4 til 9 meter høgt. Eit tre kan bli hundre år gammalt. Forma kan variera frå opprett til utspreidd, og treet kan fletta seg saman med andre artar. Planten parasitterer røtene til andre treslag, med haustoriumtilpassing på eigne røter, men utan større skade på vertane. Eit individ kan danna slike forhold til ei rekkje andre plantar. Opptil 300 artar, inkludert sandeltre sjølv, kan vera vert for treet, og tilføra makronæringsstoffa fosfor, nitrogen og kalium, og gje dei skugge - spesielt i tidlege utviklingsfasar. Arten kan formeira seg gjennom rotskot i den tidlege utviklinga si, og etablera små grupper. Den raudlege eller brune borken kan vera nesten svart og er glatt på unge tre. Han kan så få raudfarga sprekker. Kjerneveden er bleikgrøn til kvit. Blada er tynne, motsette og eggforma til lansettforma. Overflata er glatt og skinnande med lys grøn farge, med ei bleikare bakside. Dei dannar frukt etter tre år og levedyktige frø etter fem. Desse frøa blir distribuerte av fuglar.

 
Mogen frukt frå sandeltre frå Panchkhaldalen i Nepal.

Utbreiing endre

Santalum album stammar frå det tropiske beltet i India, Aust-Indonesia og Nord-Australia.[5][6] Hovudutbreiinga av arten er i tørrare tropiske område i India og dei indonesiske øyane Timor og Sumba.[7] Det er framleis uvisst om S. album er ein innfødd art i Australia og India eller blei innført av fiskarar, handelsfarande eller fuglar frå Søraust-Asia for fleire hundreår sidan.[8][9]

I dag dyrkar ein sandeltre i India, Sri Lanka, Indonesia, Malaysia, Filippinane og Nord-Australia.

Habitat og vekst endre

 
Blad på ei grein

Sandeltre finst frå tørre skogar ved kysten opp til 700 meter over havet. Arten veks vanlegvis i sandhaldig eller veldrenert steinete raud jord, men kan veksa i mange andre ulike jordsmonn. Habitatet har temperaturar frå 0 til 38 °C og årleg nedbørsmengd på mellom 500 mm og 3000 mm. Treet kan bli opptil 9 meter høgt. Det trivst i godt lys og treng ikkje store mengder vatn. Treet byrjar å bløma etter 7 år. Når trear er unge er blomane kvite, medan dei blir raude eller oransje med alder. Trestammen byrjar å utvikla dufta si etter rundt 10 års vekst.[treng kjelde]

Vern endre

Sandeltre er rekna som ein sårbar art av International Union for the Conservation of Nature (IUCN).[10] Planten er truga av overutnytting og habitattap gjennom endra bruk av jorda, jordbruk, skogrydding, eld (som arten er svært var for) og sjukdom frå Phytoplasma-bakteriar. For å verna denne truga ressursen frå overutnytting finst det lovverk som vernar han. I tillegg blir det drive forsking på dyrking av planten.[11][12][13]

Fram til 2002 hadde ikkje einskildpersonar i India løyvde til å dyrka sandeltre Det er ikkje lov for einskildpersonar å hogga eller hausta frå sandeltre. Staten gjev særskilde løyve til offentleg tilsette som kan hogga tre og selja trevirket.[14] Dei indiske styresmaktene har lagt ned forbod mot å eksportera tømmer frå sandeltre. [15]

Bruk og produksjon endre

 
Ungt tre

S. album har vore hovudkjelda til sandeltrevirke og sandeltreolje. Desse har ofte ei viktig rolle i samfunna i det naturaliserte distribusjonsområdet sitt. Kjerneveden er den einaste delen av treet som blir brukt til duft. Veden er gulbrun på farge, hard med ein oljeaktig tekstur og er på grunn av haldbarheita eit godt materiale for utskjering. Den ytre delen av treet, splintveden, er uparfymert. Splintveden er kvit eller gul i fargen og blir brukt til tredreiing. Den høge verdien av sandeltre har ført til forsøk på dyrking, noko som har auka distribusjonsområdet til planten. ISO-standarden for dei godkjende karakteristikkane til denne essensielle olja er ISO 3518:2002.[16]

Sandeltre har eit høgt innhald av santalol, rundt 90 %, samanlikna med den andre hovudkjelda til olja, Santalum spicatum (australsk sandeltre), med rundt 39 %. India dominerte tidlegare produksjonen av sandeltrolje på verdsbasis, men verksemda har gått tilbake på 2000-talet.[17]

Kjelder endre

  1. «Sandalwood (n.)». Online Etymology Dictionary. Henta 19 September 2020. 
  2. «Santalum ovatum». Australian Plant Name Index (APNI), IBIS database. Centre for Plant Biodiversity Research, Australian Government. 
  3. Santalum (IPNI)
  4. «sandeltre». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 21. desember 2020. 
  5. Orwa, Mutua. «Santalum album L. (Orwa et al.2009)» (PDF). old.worldagroforestry.org. Agroforestry Database. Henta 4 April 2009. 
  6. Dhanya, Bhaskar; Viswanath, Syam; Purushothman, Seema (2010). «Sandal (Santalum album L.) conservation in southern India: A review of policies and their impacts». Journal of Tropical Agriculture 48 (1–2): 1–10. Henta 12 June 2010. 
  7. Orwa, Mutua. «Santalum album L. (Orwa et al.2009)» (PDF). old.worldagroforestry.org. Agroforestry Database. Henta 4 April 2009. 
  8. Zumbroich, Thomas J. (2007–2008). «The origin and diffusion of betel chewing: a synthesis of evidence from South Asia, Southeast Asia and beyond». eJournal of Indian Medicine 1: 87–140. 
  9. Orwa, Mutua. «Santalum album L.» (PDF). old.worldagroforestry.org. Agroforestry Database. Henta 4. april 2009. 
  10. teamKraftt. «CONSERVATION & ENVIRONMENTAL |». sandalwoodoilspecialist.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 5. april 2017. Henta 5. april 2017. 
  11. http://www.newcrops.uq.edu.au/newslett/ncnl2-54.htm University of Queensland site's detail
  12. Australian Arid Lands Botanic Garden - Plants: Sandalwood, Santalum spicatum
  13. «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 20. september 2006. Henta 31. januar 2007. 
  14. Vijay, Hema. «Time to lift restrictions on planting sandalwood?». The Hindu (på engelsk). Henta 5. april 2017. 
  15. Arunkumar, A.N.; Dhyani, A.; Joshi, G. (2019). «Santalum album». IUCN Red List of Threatened Species 2019: e.T31852A2807668. doi:10.2305/IUCN.UK.2019-1.RLTS.T31852A2807668.en. Henta 12. november 2021. 
  16. ISO 3518:2002
  17. Yousaf, Shamsheer (25 January 2012). «Indian sandalwood production set to lose home ground edge». mint. Henta 19. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre