Santalum

planteslekt

Santalum er ei planteslekt av veddannande dekkfrøplantar i sandeltrefamilien, Santalaceae. Den best kjende og kommersielt viktigaste arten i selkta er det indiske sandeltreet, S. album. Artar i selkta dannar tre eller buskar. Dei fleste er rot-parasittar som driv fotosyntese, men får vatn og uorganiske næringsstoff frå røtene til andre artar. Flere artar i slekta, ikkje minst S. album, gjev særs aromatisk ved som blir brukt til ulike føremål, som parfyme og urtemedisin. Slekta omfattar kring 25 artar som veks i den orientalske, den australaske og den oseaniske regionen, frå India gjennom Malesia til Stillehavsøyane, så langt som til Hawaii og Juan Fernández-øyane utanfor kysten av Sør-Amerika.

Santalum
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Santalales
Familie: Sandeltrefamilien Santalaceae
Slekt: Santalum
L., 1753

Indisk sandeltre (S. album) finst i tropiske lauvskogar i India, dei små Sundaøyane i Indonesia og Arnhem Land nord i Australia. Dette er den einaste arten i slekta som veks på det asiatiske fastlandet, og kan ha blitt innført til India frå dei små Sundaøyane for fleire hundreår sidan. Indisk sandeltre har no forsvunne frå dei fleste skogane i India, og er no uvanleg å sjå som villtre. Australia har fem innfødde artar, ein av dei S. album. S. acuminatum, som lokalt er kjend som sweet quandong eller native peach, har ei skinnande, raud frukt som i aukande grad er blitt nytta til å laga syltetøy, gelé, chutney og pai. Det finst fire endemiske artar på Hawaii som alle blir kalla ʻiliahi. Den endemiske arten S. fernandezianum frå Juan Fernández-øyane utanfor kysten av Chile blei også overbeskatta for den aromatiske veden sin, og er no rekna som utdøydd.

Santalum-artar er næringskjelder for larvane til nokre Lepidoptera-artar, mellom anna Endoclita malabaricus.

Artar

endre
  • S. acuminatum A.DC. — desert quandong, sweet quandong, native peach (Australia)
  • S. album L. — Indian sandalwood, white sandalwood, chandana (India, Indonesia, northern Australia)
  • S. austrocaledonicum Vieill. (Ny-Caledonia, Vanuatu)[1]
  • S. boninense (Nakai) Tuyama (Boninøyane, Japan)
  • S. ellipticum Gaudich.ʻiliahialoʻe, coast sandalwood (Hawaiʻi)[2]
  • S. fernandezianum Phil. (Juan Fernández-øyane)
  • S. freycinetianum Gaudich.ʻiliahi (Hawaiʻi)[3][4]
  • S. haleakalae Hillebr.ʻiliahi (Hawaiʻi)
  • S. lanceolatum R.Br. — northern sandalwood (Australia)
  • S. macgregorii F.Muell (Papua Ny-Guinea, Indonesia)
  • S. murrayanum C.A.Gardner — bitter quandong (Australia)
  • S. obtusifolium (Australia)
  • S. paniculatum Hook. & Arn.ʻiliahi (Hawaiʻi)
  • S. salicifolium — willowleaf sandalwood
  • S. spicatum (R.Br.) A.DC. — Australian sandalwood (Australia)
  • S. yasi Seem. - yasi (Fiji, Niue) Tonga- ahi[5]

Kjelder

endre
  1. «Santalum austrocaledonicum». Germplasm Resources Information Network (GRIN) (Agricultural Research Service (ARS), United States Department of Agriculture (USDA)). Henta 5. april 2009. 
  2. Little Jr., Elbert L.; Roger G. Skolmen (1989). «ʻiliahi-a-lo e, coast sandalwood» (PDF). United States Forest Service. 
  3. Little Jr., Elbert L.; Roger G. Skolmen (1989). «ʻIliahi, Freycinet sandalwood» (PDF). United States Forest Service. 
  4. Allen, James A. (1. januar 2003). «Santalum freycinetianum Gaudich.». Tropical Tree Seed Manual. Reforestation, Nurseries & Genetics Resources. Arkivert frå originalen (PDF) January 16, 2009. Henta 1. mars 2009. 
  5. «Santalum yasi». Germplasm Resources Information Network (GRIN) (Agricultural Research Service (ARS), United States Department of Agriculture (USDA)). Henta 5. april 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre