Sandvikens kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Sandvikens kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar i Gävleborgs län til Ockelbo kommun i nord, Gävle kommun i aust og Hofors kommun i vest. Han grensar også til Heby kommun i Uppsala län og Sala kommun i Västmanlands län, begge i sør, og Avesta kommun og Falu kommun i Dalarnas län, høvesvis i sørvest og nordvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Sandviken.

Sandvikens kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Gästrikland
Del av Gästrikland, Q61663270, Q61663219
Centralort Sandviken
Areal 1 165 km²
Folketal 36 879
Folketettleik 31,7 / km²
Kart
Sandvikens kommun
60°37′00″N 16°47′00″E / 60.616666666667°N 16.783333333333°E / 60.616666666667; 16.783333333333
Wikimedia Commons: Sandviken Municipality
Nettstad: www.sandviken.se

Sandviken er ein kupert skogskommune der dei sørlege delane er dominerte av Dalälven. Næringslivet er tradisjonelt sterkt knytt til jern- og stålindustrien, og Sandvik AB er det heilt dominerande føretaket i kommunen. Dei seinare åra har det vorte ei noko større breidde i næringslivet, hovudsakleg med tilveksten av IT-føretak.

Administrativ historikk endre

I 1916 vart municipalsamhället Storvik innlemma i Ovansjö kommun. Dette braut ut i 1924, slik at Storviks köping vart oppretta. Tre år seinare braut eit område ut av Högbo kommun for å opprette Sandvikens köping. I 1943 vart Sandviken by, då begge delane av Högbo vart sameinte att sidan Högbo landskommun vart innlemma. Ved kommunereforma i 1952 vart det ikkje gjort nokon smanslåingar i området. I 1971 vart Sandvikens kommun oppretta då byen, Storviks köping og landskommunane Järbo, Ovansjö, Årsunda og Österfärnebo vart slegne saman. Byen Sandviken fekk då ei ny rolle som administrasjonsstad i den nye kommunen.

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På blå bakgrunn, ein damphammar og jernmerke på kvar side av han, alt i sølv.[1]

Damphammaren i våpenet til Sandvikens kommun har ein verkeleg kopi, som i dag står utanfor hovudkontoret til Sandvik AB. Våpenet vart fastsett for Sandvikens stad i 1943. Ved kommuneopprettinga i 1971 hadde alle dei tidlegare einingane eigne våpen, utanom köpingen Storvik. Kommunen valde å registrere det tidlegare byvåpenet uforandra i Patent- och registreringsverket i 1975.

Tettstader endre

Det er elleve tettstader i Sandvikens kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Sandviken 22 574
2. Storvik 2 251
3. Järbo 1 865
4. Årsunda 1 067
5. Kungsgården 998
6. Åshammar 760
7. Hammarby 550
7. Österfärnebo 550
9. Jäderfors 298
10. Backberg 242
11. Västerberg 238

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I blått fält en ånghammare, på vardera sidan åtföjd av ett i ginstammen placerat järnmärke, allt i silver».