Sangachalterminalen
40°12′05″N 49°28′53″E / 40.201262°N 49.4812700°E
Sangachalterminalen | |||
| |||
Opna | 1996 | ||
---|---|---|---|
Sangachalterminalen 40°11′32″N 49°27′39″E / 40.192275°N 49.460909°E |
Sangachalterminalen er eit industrikompleks som består av eit naturgasshandsamingsanlegg og eit oljeraffineri, ved kysten av Kaspihavet, 45 km sør for Baku i Aserbadsjan.
Bygginga av terminalen starta i 1996 då Chirag-feltet vart utbygd, med røyrleidningar til Supsa og Novorossijsk. Den første olje vart eksportert frå terminalen i oktober 1997. Terminalen har sidan vorte utvida med ACG fase 2 og 3, pumpestasjonen BTC og Shah Deniz-feltet, som er eit enormt naturgassfelt.
Utanom sjølve anlegget er det bygd bustadhus for 550 menneske, kafear, kino, fotballbane m.m.
Operatør for terminalen er eit konsortium leia av BP og er eit av dei største olje- og gassanlegga i verda.[1] Andre partnarar er frå AIOC, Baku-Tbilisi-Ceyhan-røyrleidninga, Shah Deniz og Sør-Kaukasus-røyrleidninga. Terminalen mottar olje frå Azeri-Chirag-Guneshli-feltet og naturgass frå Shah Deniz-feltet. Olja vert eksportert via Baku-Tbilisi-Ceyhan-røyrleidninga til middelhavskysten til Tyrkia og via Baku-Supsa-røyrleidninga og Baku-Novorossijsk-røyrleidninga til kysten av Svartehavet.[2] Sangachalterminalen vart nemnd i dokumenta offentleggjort av Wikileaks som eit av dei mest kritiske utanlandske områda til USA.[3]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sangachal Terminal» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ivan Watson (18. april 2006). «With New Pipeline, Azerbaijan on Verge of Oil Boom». NPR. Henta 17. april 2012.
- ↑ U.S. Energy Information Administration. Azerbaijan. Natural Gas
- ↑ Cable Viewer, arkivert frå originalen 7. desember 2010, henta 7. desember 2010
Bakgrunnsstoff
endre- Sangachal Terminal, Caspian Energy Centre Arkivert 2008-12-07 ved Wayback Machine.